Gå til innhald

Eg har på ingen måte tid til dette…

oktober 1, 2006

…men klarte ikkje å la vera. Eg har vore på tur til Bergen frå torsdag ettermiddag. Du verda så flink eg har blitt til å fly. Til å fly inni flymaskinar altså. Eg er omtrent ikkje redd i det heile tatt, og er skikkeleg stolt av meg sjølv. I belive I can fly…

Så fint å vera på reise saman med nokon du er glad for å vera i lag med. Det er fint med tid til lange og lattermilde hotellfrokostar og til alle samtalane me normalt sett ikkje sår tid til å fullføra.

Etter kurset på fredag hadde eg ein “date” med eldsteguten. Eg kunne ikkje dy meg for å snika det inn i programmet når eg først hadde landa i studiebyen hans. Først dreiv me rundt på bokhandlar og platebutikkar. Han har litteratur på timeplanen, og vart velsigna med eit eksemplar av “Brødrene Løvehjerte,” ei av favorittbøkene frå barndommen hans, og med eit Ibsen- skodespel. Etterpå åt me på ein italiensk restaurant, før me gjekk på kino. Til slutt fekk eg sjå hybelen hans, i ein stor gammal staseleg villa, i det som må vera byens beste strok. Eg klarte å la vera å snubla i halvfulle colaglas på golvet, og registrerte at dei såg ut til å ha det ganske bra der.

Etterpå var det vorspiel på hotellet i lag med resten av gjengen. Eg hadde tenkt å ta kvelden i fornuftig tid, men lot meg overtala til å bli med på ein uteplass.

Det er så sjeldan eg er på stadar type diskotek og nattklubbar, så eg går omkring med sansane på vidt gap og kjenner meg som ein sosialantropolog på oppdagingsferd. Medan eg beundra Helen og Ingvill som utfalda seg på dansegolvet, hang ei mannleg nattklubb-løve seg om halsen min. Først klarte eg ikkje å tyda kva han sa, men på tredje forsøket gjekk det:
“Kva er du ute etter? Kva eigenskapar ser du etter?”
Det kunne kanskje ha blitt ein interessant samtale, om han var bare litt meir edru og musikken ikkje hadde vore så høg. Eg går ut frå at eg ikkje var førstevalget hans den kvelden…

Seinare gjekk me opp ein etasje der ein indianar, ein matros, byggmeistar Bob og ein snørr og tåre-songar utfalda seg på scenen. Eg er ikkje eingong oppdatert nok til å skjøna at dei imiterte village-people. Endeleg eit rom for humor. Eg lo så eg hadde vondt i magemusklane heilt til dagen etter.

Og nå har eg brukt dagen eg burde ha brukt på jobb på fotballturnering. Dersom jobben skal vera den sjølvsagte førsteprioriteten i alle fall. Eg rekna med at Halvard ville vera med i eit par timar, men dei vann heile turneringa og spela så mange kampar at me var borte heile dagen. Eg har panikkjobba litt, men kjem til å springa bak meg sjølv i morgon. Om ei veke er det haustferie. Eg kjenner det skal koma til å bli velsigna godt. Regnet ausar ned over huset og eg skal sova… To eg kjenner godt er nede for telling. Måtte alle gode makter stå dei bi.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Signe permalink

    HEidi! Senk armene! Trekk pusten dypt og pust rolig utigjen! Senk armene enda mer!
    Du kommer igjennom dette også!
    Husk at livet er ikke bare jobb! Man må huske og leva og ta OG HA tid tid familie, venner og litt avslapping og det man har lyst til også.
    Husk at dønet ditt har ikke mer enn 24 timer dette året heller 🙂 Ikke slit deg helt ut med alt det du tar på deg! (Det er lov og si NEI til ting for deg også!) huff, dette hørtes strengt ut! Men husk at vi er mange som er glad i dag!
    Det blir nok ei rå skal du se.
    Senk armene og gang farten di, så får du helse mad deg også! 🙂

  2. Heidi: permalink

    Takk for gode råd, Signe. 🙂 Eg løyste problemet med å springa bak seg sjølv i dag med å stå opp halv seks for å få eit forsprang på meg sjølv. Det funka faktisk. Eg pustar roleg og skal snart ha ferie. Det skal bli herleg…

  3. Torhild permalink

    Det er rett før eg tenkjer at du er iferd med å verta ein burdist…Det er som kjent ikkje alt ein gjer som slit, men det ein meiner ein burde… (says who!!) Gled og fryd deg du Sions dotter! Kjekt å høyre frå møtet med OC og anga inn humoren frå nattklubben. Gler meg til å høyra om planane for haustferien,kanhende me treffast?

  4. Heidi: permalink

    Burdist eg nei… Livsnytar framleis og tek tinga etterkvart som dei kjem. Det har bare ein tendens til å bli veldig mange ballar i lufta av og til… Ja til treff i haustferien. 🙂

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: