Dei siste juninettene …
heng etterteksomme
over svart sjø
der holmane dristig slepp taket
i tyngdekrafta
og let seg sveva
lette som måkefjør
mot den glødande
eldstrima i horisonten.
Trulig står det ein einsleg engel
ein stad der oppe
og spelar mjuk melankoli
på tverrfløyta si
medan menneska
stryk modig over liva sine
med furete hender
og mold under neglene.
For i slikt eit lys treng ein ikkje
gøyma seg for under.
Heidi
Kunne ikkje dy meg sidan eg først var i gang.
Nå skriv eg resten av sommardikta ein meir privat og skjerma plass…
Ds.
Vakrare dikt har eg ikkje lese på lenge, lenge… tusen takk!!!
Du er sanneleg som musa Filip – takk for at du lyser opp novembermørkret for meg:)
Tusen takk, Jarfeld 🙂
Kven du nå måtte vera. 🙂