Gå til innhald

It`s now or never?

desember 14, 2006

Slik kjennest det på ein måte akkurat nå. Kuren eg lever på gjer at eg går ned i vekt. Ikkje super-raskt, som eg innerst inne hadde håpa på, men jamnt og trutt. Så bra er effekten at eg tenkjer at dette kan eg ikkje gje meg på. Dette er vegen mot noko verdifullt der framme, som eg ikkje kan gje slepp på. Ofte på slankekurar så sporar eg av omtrent på dette tidspunktet, fordi eg tenkjer at dette går jo bra, nå kan eg ta meg god tid…

Det var ikkje i tankane mine då eg starta at eg ikkje skulle slutta/ta pause til jul, men nå trur eg at eg bare får stå på. Eg tek ikkje sjansen på å mista fokus, trur eg…
Kan ikkje ta sjansen på å vera godt i gang med noko som bare vil glippa vekk mellom hendene mine. Det har skjedd meg ein del gonger før i denne samanhangen.

Det beste med dette galskapsprosjektet er at eg ikkje brukar tida mi til å kjenna meg svolten. Eg kjenner meg mett og glad og kan bruka tankane på andre og meir interessante ting enn mat og slanking, som eg ikkje ynskjer å gje alt for mange prosent av merksemda mi til ei kvar tid…

Men av og til så ser det veldig godt ut med ei mandarin eller eit pepperkakehjarte, det får eg vel bare innrømma…

Det luktar godt av julekaker i alle heimar nå. Eg har fullt og heilt avstått frå peparkaker, gløgg og den slags førjulsgleder. I dag åt heile skulen julegraut med sukker og kanel, og eg smakte ikkje så mykje som ei teskei…

Eg drøymde om mat to netter på rad. Den eine gongen at eg åt eit halvt rundstykke med ost, og den andre gongen at nokon hadde invitert meg og kom for å servera nysteikt pizza…

Snart tre månadar utan brød, ris, poteter og pasta, og det går så bra som bare det, eigentleg… Nei, eg skal ikkje sleppa taket nå. Må halda ut ei stund til og sjå korleis det utviklar seg… Og i morgon får eg baka litt, tenkjer eg…
Det skal jo vera litt nybakt til jul…

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. morsan permalink

    Håll ut, Heidi!

  2. Heidi: permalink

    Takk for peppen, morsan. 🙂

  3. Torbjørn permalink

    Hei på deg!
    Har fått et lite gløtt inn i din blogg ved hjelp av Torun sin PC. Vi sitter og slapper av på lørdagskvelden med den minste i seng, den største på jobb og mellomste i Larvik. Stystemann har forresten fått kjærest. Jeg lurer forresten veldig på hva du spiser når du ikke spiser brød, ris….. og ikke engang mandariner! Her lukter det hemelagd pizza og krydderkake! Det er bare kake nummer 2 vi baker i år. og vet ikke hvor mange det blir.
    Har du lest noe av Levi Henriksen? Jeg var med jobben på personalseminar på Kongsvinger, der han hadde et slags kåseri, med bl.a. opplesing av noe han har skrevet fra hjembygda si. Veldig bra og morsomt!
    Hils til familien! God advent!

  4. Heidi: permalink

    Hei, kjære Torbjørn. Så kjekt å treffa deg… Trur ikkje eg har lese noko av Levi Henriksen, må kanskje gjera det. Det er masse ting eg et: mange typar grønsaker, salat, kjøt, fisk, ost, egg, rømme, jordbær og bringebær. Ikkje synd på meg i det heile tatt. Ca fire gonger på tre månadar har eg brote dietten veldig forsiktig fordi eg ikkje vil ha oppstyr rundt det. Orkar ikkje at eit heilt selskap sit og lurar på korfor eg et agurk i staden for mat. Kan bare ikkje gjera det alt for ofte. God advent til deg og, kjære venn. Kjem eit anna år og smaker på krydderkaka. Veit kor flink du er til å baka. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: