Tredje sundagen i advent.
Eg har fått eldsteguten min heim. Det er så fint. Eg har ikkje sett han på over to månadar. Dei to sønene mine har site i stova og sunge og spelt gitar, medan eg har hjulpe Ingrid med ein litterær analyse som skulle leverast i morgon.
Helga har vore god. Først ein roleg fredag,der eg hadde det fint og laga julegavar og skreiv julebrev. I går møtte eg ei venninne i byen og åt lang lunsj på kafé, medan me spegla oss i kvarandre sine liv og blikk.
I gårkveld var eg på koseleg synga-inn-jula-besøk hos Arne og Inger, og i dag har me vore på juleverkstad hos Heidi og Per Inge, slik me gjorde då me hadde yngre barn. I dag var det bare Halvard som var med, men eg og Halvard har trykt fine julekort og laga til og frå lappar til pakkane medan kjærasten min via seg til kaffidrikking, pianospel og gode samtalar.
Ein periode då me hadde småbarn på same alder gjorde me det meste i lag med Heidi og Per Inge. Me drog på sundagsturar saman, reiste på hytteturar og feriar saman, me grilla kilovis med pølser, feira 17.mai saman og besøkte kvarandre i jula. Nå blir det til at me ser einannan mykje sjeldnare.
Barna våre er blitt store, og avstanden i kilometer er blitt litt større og. Likevel, når eg besøkjer dei ein sjeldan gong, er det som å koma til familien sin. Eg kjenner at eg lengtar litt etter det me hadde saman. Vennskapet og ein skokk med små og litt større ungar, trua, visjonane og det hektiske livet som småbarnsfamiliar med kvar vår gamle Lada… Vennskapet har me framleis og det skal me vera flinke å ta vare på.
Det var dagens kjærleikserklæringar. Kan det vera jula som lokkar fram dei heilt store kjenslene? Eller kanskje det at akkurat nå står det skrive med store bokstavar i medvitet mitt at ein skal vita å setja pris på dei ein er glad i og det livet ein har fått. Bare fire dagar att på jobb, så er det ferie…
Heidi
Du fortjente ei god helg, Heidi!Kan virke som om den har vært som en oase på fleire måter!! Vi har hatt vår årlige julebad på Havanna idag:) + at eg har sunge jula inn saman med englane i skulekoret – i Hana krk! Vel heime igjen hadde gutane mine fått på plass julatre i stova! Merkeleg og uvant med «vaksne» born…
behöver jag skriva att jag ser fram emot varje ny text?