Gå til innhald

Kulturell føremiddag.

februar 18, 2007

Me har brukt heile føremiddagen på museum. Herleg. Eg elskar museum, men har problem med å finna nokon med tålmod og kondis til å fylgla meg. I dag har kjærasten min vore kjempeflink.

Først var me på Glyptoteket der me har sett på romerske og greske skulpturar. Veldig fascinerande at ein omtrent kan lesa seg til personlegdomen desse menneska som levde for eit par tusen år sidan må ha hatt ut frå ansiktstrekka deira. Så såg me ekte egyptiske mumiar og sarkofagar. Eg skulle hatt med meg Ingrid på den avdelinga, ho er veldig fascinert av gamle Egypt.

Då me var komne til den moderne avdelinga, melde kjærasten min pass og let meg gå aleine, medan han gjekk over til reine studier av folkelivet…

Likevel trava han trufast ved sida mi til Nasjonalmuseet eit par timar seinare. Eg vart oppriktig imponert over utstiliingsteknikkane på eit par av utstillingane dei hadde der. Dei hadde kombinert musik, gjenstandar, film, og muntleg fortalde anekdoter på ein veldig kreativ måte. Eg har aldri sett noko liknande heime. Eg fekk rett og slett lyst til å kasta meg ut i museumsbransjen. I kjellaren min, som ber eit visst preg av at eg er eit menneske med sterk kastevegring, skulle det vera utstillingsmateriale nok til litt av kvart…

Mellom anna såg me ei utstilling som skulle visa folkeliv og samfunnsutvikling i Danmark frå år 1600 til 2000. På slutten av utstillinga kunne ein møta eit utval heilt vanlege danske personar gjennom små filmar og utstilling av gjenstandar i montere. Det slår meg når ein løfter fram det såkalt vanlege kor utruleg mangfold det eigentleg finst. Det er noko av det same eg opplever når eg les bloggar. Gjennom det andre skriv får eg innblikk i miljø og logiske tankerekkjer som er utruleg ulike og samtidig forbløffande like mine eigne…

Sånn litt utpå ettermiddagen begynte me å bli svoltne. På Nasjonalmuseet kunne ein kjøpa ein såkalla brunchmeny med masse god mat. Slikt har me aldri kunna tatt oss råd til når me har reist omkring med fire barn, men nå kunne me sitja der på den innvendige balkongen og kikka ned på andre museumsgjester medan me kjende oss sånn passe sundasføremiddag finkulturelle…

Danskane har det med å ta skikkeleg i når det gjeld mat så i buffeen var det allslags brød, salatar, kjøt, pølser, egg, ost, kaker, fersk gjærbakst, wienerbrød og frukt.
Spesilet såg eg langt etter dei danske pannekakene. Dei såg rett og slett veldig gode ut, men lever ein på lågkarbodiett så er det bare å finna seg litt ekstra salat, smila og sjå glad ut.

Sånne gonger klarer eg ikkje å la vera å sitja og sjå på menneska ved naboborda, ta inn brokkar av samtalane deira og sjå for meg liva dei truleg lever. Ser ikkje vekk i frå at eg ofte er heilt på villspor, men det får eg jo aldri vita…

Til slutt insisterte kjærasten min på at me trong ein kvil på hotellromet og snart sov han som eit barn… Eg fann ein dokumentar på TV om Placido Domingo, som passa fint inn i den litt finkulturelle settingen for dagen, og pakka godt inn i hotellet sitt fleece-pledd vart eg sitjande og lytta til opera heilt til eg duppa av eg og…

Nå er me snart klare for nye eventyr, håpar eg. Mannen ved sida av meg er i alle fall vaken nå. Dei fleste danskar slår forresten over til engelsk eller svensk når dei snakkar til oss, ein smule frustrerande, for me har jo ingen problem med å forstå dansk. Det er vel litt unødvendig at skandinaver skal måtta ty til engelsk for å kommunisera?

Sorry at eg tek så stor plass her for tida, kjære medbebuarar på Andedrakt….

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. May Brit permalink

    Herlig å følge dere 🙂
    Har vært på alle de stedene selv og var plutselig tilbake.
    Kose dere videre!!!!

  2. Jarfeld permalink

    Følgjer med på turen, du er så flink å formidla liv og inntrykk, kultur og opplevingar. Takkar så mykje, det er inspirerande for meg å få ta del i dette. Nyt dagane, kveldane, nettene- lev og anda så sakte du kan… Kan hende tek me ein tur til København, du er ein god ambassadør for land og folk!! Har og funne mykje for sjel og sinn i det andre du har skrive i det siste. Såg snøklokkene med eigne auge i dag. Du har snøklokkesjel, Heidi- slik du skriv i diktet ditt. Fekk det av ein venn og tykkjer det er umåteleg vakkert, noko å ta med seg inn i dagane og tida som kjem.. Gode tankar frå heimlandet!!

  3. Heidi: permalink

    Takk for alle gode tankar. Nå har eg logga meg på i hotellet sitt røykerom, for der er det internett tilkopling. Neste kapittel kjem.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: