Gå til innhald

Natteliv og litt til…

februar 19, 2007

Det blei eit ganske kraftig stilbrot midt på dagen i går…
Frå museumsliv, finare lunsj og opera vart me gåande og driva gatelangs sånn litt utpå kvelden. Spontant fann me ut at me ville gå på kino, men kinofilmane begynte akkurat då, og det var umogleg å finna ut noko om dei filmane som stod på plakaten… I tråd med å vera ute i verda bare oss to, sikta me oss inn på ein dansk film som heitte “Brennende kærlighed”…

Det første som skjedde då me kom in i kinosalen, som var full av tenåringar var at Kristuskransen min, perlebandet eg ber rundt høgre handleddet mitt, revna. Perlene skvatt mennom benkeradane, og eg vart liggjande på alle fire og leita etter gledesperler, dødsperler og kjærleiksperler mellom alle popcornsmulane. Etter filmen fekk me hjelp av ein kinokontrollør med lommelykt, men eg trur ein god del perler manglar. Sist dette skjedde meg var på dametoalettet i London på veg til Dar Es Salaam… Så nå har eg to reduserte kristuskransar som eg håpar eg kan kopla saman til ein ny

Filmen kan i beste fall seiast å vera ei til tider småkoseleg historie om brannmenn som reddar babyar ut av brennande hus og skifter bleie på dei etterpå… Og om danske kvinner som bare får fjorten dagars svangerskapspermisjon viss dei vil behalda jobben. Får håpa dei ikkje finst i det verkelege livet.

Kjærasten min har ein merkeleg hang til å oppsøkja stadar som ikkje akkurat er fancy og polerte, og nå hadde han blinka seg ut det som må vera den brunaste av alle brune kafear i København. Truleg var eg ein veldig avvikande gjest sidan eg bestillte Cola Light. Min kjære hadde sett eit skilt der tidlegare på kvelden om at på sundagskvelden skulle det vera allsong og levande musikk, og det ville han nødig gå glipp av.

I lokalet var det ca femten personar. Dei fleste nokså langt frå edru, relativt loslitte, og godt vaksne. Framme sat ein mann og spelte keyboard, og ein mann i flekkete svart dress med ein stil og ein sceneframtoning som minna om ein tjue år eldre Kim Larsen song i mikrofon. Han var rett og slett flink til å synga, og folk rundt bordet song med så godt dei kunne. Eg opplevde til mi overrasking atmosfæren i romet som varm og inkluderande når eg var vel på plass i sofaen langt framme i lokalet.

Mikrofonen gjekk på rundgang mellom dei mannlege gjestene, og sjølv om ikkje alle hadde heilt same taket på det med sang så fekk alle songerane varmt og velvillig bifall frå salen. Det blei sunge om “Hvit sjasmin” og “den lille hvide kirke,” og ein av gjestene bidrog imponerande nok med ein ballade med mangfoldige vers på italiensk…

Etter ei stund begynte ein mann å dansa med ei grønlandsk dame mellom dei tronge kaféborda. Då ho takka for dansen, sette han kursen mot meg for å by meg opp. Den minst edru og mest høgrøysta gjesten på puben hadde gjort eit stort nummer av at han var nordmann. Eg ville nødig avslørast som landsmann av han, for eg hadde ei kjensle av at han då ville søkja ei slags nasjonal forbrødring, som eg ikkje kjende meg heilt konform med. Eg fekk derfor innfallet at eg skulle takka høfleg nei til dansen på dansk…

-Men hvorfor vil du dog ikke danse med meg? – Jeg danser dessværre ret dårlig. – Men det gør ingenting. Jeg danser selv meget godt, så det skal bli godt ligevel. – Nej tak! – Men ih, er i dog nordmæn! Hvilket samentræf, selv har jeg slekt i Svolvær. Norge er et meget dejlig land, og dette er da også en meget hyglig plass!

Og utan å snakka usant kunne eg vera einig i det meste…
Kjærasten min kviskra til meg at han skulle filma oss viss eg takka ja, noko som ikkje gjorde det vesentleg meir fristande å slå til… Med andre ord, Jan Ivar: Dansken min er ikkje heilt på plass endå. Me må nok øva meir.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: