Gå til innhald

Gatelangs på Nørrebro.

februar 19, 2007

Sidan kjærasten min meinte det ikkje gjekk an å koma heim utan å ha fått sett mest mogleg av byen, la me ut på byvandring etter frokosten. For å oppmuntra meg, som hadde ein viss hang til materialistiske aktiviteter på Strøget, vart eg utstyrt med I-pod klipsa kjekt til jakkeslaget.

Så nå har eg vandra rundt i timesvis med Sigvart Dagsland og andre artistar på øyret. “Ka e du redd for?” og “I dag ska du våga det modigste stupet…” med litt “Good night Irene” av ei for meg totalt ukjend gruppe sånn innimellom. Det gav faktisk ei ny oppleving å oppleva nytt territorium med musikk til. Eg har aldri eigd verken walkman eller discman, og har i fleire år vore den einaste i familien utan I-pod. Kanskje eg er omvend frå og med i dag, og kjem til å utvikla ein sterk lengsel etter min eigne vesle elektroniske dings?

På ein brukthandel kjøpte eg to diktsamlingar som eg gler meg til å lesa. Lunsj hadde me på ein sånn stor og sympatisk bokhandel med eigen kaffeavdeling, der det stod plakatar om at ein var velkomen til å bla i bøker mens ein drakk kaffi. Sånt likar me… Har eg fortalt at eg har ein stor svakhet for å vera mellom bøker? Både bibliotek og bokhandlar er stader eg har problem med å koma meg ut av…

Litt bøker har eg kjøpt. Bøker, kunstkort, ein pakke te, to perleband frå indiska og eit såpestykke frå Søstrene Grene. Ikkje så mykje anna. Får sjå i morgon før me reiser heim om eg finn nokre småting til ungane. Jentene mine er glade i klær, men dessverre er det ikkje lenger eg som bestemmer kva dei skal ha på seg, så faren for å trø feil i klesbutikkar er overhengande.

Nå sit eg av alle ting i hotellet sitt røykeområde, for her er det internett-tilkobling. Den på romet kjem og går, så der er eg heile tida redd for å mista tekstane mine… På vervarslinga melder dei snøstorm over Danmark. “Snefygning”, som det heiter så fint på dansk. Ordet står med krigstypar over halve TV-skjermen. Enten er dei ikkje vane med slikt her, eller så er det verkeleg styggever det er snakk om… Dei blir liksom aldri ferdige med å snakka om det på tv. Får håpa det ikkje er snakk om orkan og rennedrev over Skagerak i morgon klokka fire, for då set me oss på flyet heim…

Reidekameraten min er i ferd med å bli utålmodig. Me skal ut og eta middag. Eg får slutta her, og ta korrekturen i morgon. Ber over med eventuelle stavefeil inntil då, for nå kjem livet i vegen for pedanteriet.

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Leif permalink

    Good night Irene er med Tom Waits

  2. Jarfeld permalink

    Gildt å følgja med dykk, som flua på veggen… Imponert over kor mykje liv det er i norske turistar i København! «Å leva, det er å elska», kjenna vind og kjenna song, kjenna gata brei og trong, kjenna liv i årer… I sanning har me fått del i kvardagsmysteriet, det enkle og det kompliserte- via tekstane dine. Takk- og god tur heim med fjogemaskinen!!

  3. Heidi: permalink

    Vel heime. Siste kapittel frå turen kjem…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: