Gå til innhald

Lettare fortumla…

februar 20, 2007

Då me kom så langt som til middagen i går kveld, viste det seg at me hadde eit problem. Staden me eigentleg hadde tenkt å besøkja hadde mandagsstengd. Klokka var over ni, og det viste seg at fleire aktuelle matstadar stengde serveringa klokka ni.

Medan me leitta oss rundt i gatene var det mykje merkeleg å observera. Her i småbyen min treng ein ikkje utvisa så frykteleg stor fantasi for å visa att på gata. Eg er derfor lett å imponera. Me møtte for eksempel ein mann ikledd varm jakke og normal bukse, som gjekk barbeint på gata i temperaturar på omkring frysepunktet. Eg rakk aldri å finna ut kva motiv som dreiv han. Behovet for å skilja seg ut? Ein eller annan filosofi om at det er sunt å vera barføtt? Eit veddemål? Eller kanskje fyren rett og slett var distré og hadde gløymt sokkar og skor i farten?

Lukkelege var me då me fann ein kinarestaurant som hadde servering til halv ti og ope til halv elleve. Dei hadde buffet, og det skulle passa oss med midlertidig litt rare matvanar utmerka.

Problemet var bare at maten viste seg å bera tydeleg preg av å ha stått framme heile dagen. Dei hadde nok ikkje rekna med fleire gjester, for dei hadde nok slutta å halda maten varm minst ti minutt før me kom. Men me var glade for i det heile tatt å ha funne noko, og direkte kresne er me ikkje nokon av oss.

Då me reiste oss for å gå kjende eg at eg hadde ganske vondt i magen, og midt på natta vakna eg av at eg hadde veldig vondt i magen. Scenarioet skikkeleg magesjuke på fly i storm stod levande i fantasien min. Eg lova meg sjølv at frå nå av skulle eg bli eit veldig forsiktig menneske, og sovna att…

Heldigvis kjende eg meg mykje betre i dag morges, og klar for nye ekspedisjonar. Sidan me hadde begynt å få dårleg tid med det me gjerne ville ha gjort delte me oss.
Eg oppdaga at dei verkeleg koselege små butikkane ikkje ligg på Strøget, men i smågatene og stræderne rundt omkring. Her hadde betjeninga tid til å slå av ein prat.
Presangposen min vart ganske velfyld om nokon skulle engsta seg for det.

To gonger i dag har eg gløymt handveska mi med kort og pengar. Først i matsalen under frokosten. Reisekameraten min får framleis panikk kvar gong eg mistar handveska, og sprang fortare enn lynet ned og henta ho i resepsjonen så snart me oppdaga det. Sjølv har eg full tillit til at eg får ho tilbake med pengar og kort på plass. Det skjer nemleg kvar gong. Folk er langt betre enn sitt rykte…

Andre gongen fekk til og med eg ein støkk. Me måtte fraktast i buss frå flyterminalen og ut til flyet. Plutseleg står det ein uniformskledd mann inne i bussen og viftar med ei vinraud handveske. “Er der nogen der kan kendes ved den her?” Då eg ropte at det var mi fekk eg mange “Nå- var- du- heldig- smil” frå medpassasjerane mine, og denne gongen var eg heilt samd med dei…

På flyplassen fekk eg ein spontan og relativt optimistisk idé. I sjokoladebutikken reklamerte de med “Ekte danske flødeboller til ekstra lav pris”. Flødebollerne som er skumbollar av ulikt slag, ikkje krembollar, såg utruleg gode ut, så eg kjøpte med meg kokosbekledde flødeboller heim til ungane. Min kjære lurde på om eg verkeleg trudde at eg kunne klara å frakta kokosbollar heilt heim utan å øydelegga dei… Det klarte eg ikkje… Posen var sjølvsag full av klissete skum med sjokoladebitar i då eg kom heim… Korleis kunne eg trudd at eg av alle menneske kunne få med meg ein pose kokosbollar like heile frå eit land til eit anna. Optimismen lenge leve.

På plass i propellflyet med handveske og kokosbollar, vart me lova ei god del turbulens på grunn av den sterke vinden. Heldigvis var ryktene betydeleg overdrivne. Turen heim gjekk heilt fint og eg rakk å lesa boka om Marie Krøyer som kunstnar. Boka beklaga at det å vera kunstnar tidlegare mest alltid fekk liten plass i gifte kvinner sine liv. Det var alltid noko som kjendest viktigare enn å skapa. Eg får tenkja på Marie Krøyers forsømte skaparkraft når eg sit her på loftet mitt og skriv med dårleg samvit for alle skap som skulle vore rydda og vaska og alle skitentøykorgene som skulle vore tømde…

Heime var alt i sin skjønnanste orden. Engelen min av ei eldstedotter hadde rydda huset så fint at det var ein fryd, og det lukta godt av heimelaga pizza. Ho sa at ho bare hadde passa på at alle rydda etter seg, og så hadde dei klart å halda det fint heile tida. Kanskje eg bør ansetja henne som guvernante og oppdragar for småsøsken…
Men nå er mor heime, så det glir vel over i normalen relativt raskt.

Vinden hylar om hushjørnene att. Mon tru om snefygningen har begynt i Danmark? –

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. borghild permalink

    hehe! måtte trekka på smilebånda mange gonger når eg las innlegget ditt idag! barføtt.. mista taska.. kokosboller!! kinaresturanten! haha! Bra at turen var vellykka!! Bra å ha ei Ingrid ja! I morgon reisar eg, mor og Tonje til Bø 😉

  2. Heidi: permalink

    God Tur, Borghild, Gerd og Tonje 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: