Gå til innhald

Bardisk, seng, stumtenar og nattpotte…

februar 24, 2007

Desse gjenstandane var Jan Ivar og eg på jakt etter i går. Ikkje til privat bruk, men til Jeppe på Bjerget, som snart treng litt faste former på scenen sin. Me kom ikkje så langt med oppdraget. Nattpotter ser ut til å vera mangelvare på bruktmarknaden. Me treng ei av porselen eller emalje, ikkje ei plastpotte til babyar.

Vinden var isande, bitande kald sjølv om eg hadde både undertrøye og stillongs… Og så fekk eg lov til å kjøra barnevogn der nyselege vesle Hedvig låg nedpakka i strikkedress, nylondress, skinnpose og ullteppe.

Men først av alt hadde me manusmøte om heksene på ein koseleg kafé der det alltid luktak kvitløk og kaffi og nybakt brød. Heksene er nå blitt eit ferdig manuskript, og på tysdag set me i gang. Eg trur det skal bli bra.

I går var det perfekt ver til å vera inne i. Syster mi kom ned, og Ingrid hadde lova gje oss ein leksjon i akrylmaling. Den prikkete lyseblå flodhesten eg malte såg ut som om han var laga av ein seksåring. Eg skuldar på dårlege penslar som ikkje ville laga tynne fine strok… Men syster vart strålande fornøgd med sin akryldebut: Ein krysning av egyptisk dronning og indianerkvinne som til og med hadde element av sjølvportrett i seg…

Og Ingrid var tålmodig og flink lærar. Oddvar som vart arbeidsledig, tok ned ein halv taklampe som me liksom aldri har fått fiksa, kjørde heim til seg sjølv og henta skinner og spottar som han monterte i taket. Etter å ha leitta forgjeves etter hamrar og skrujern hos oss før, kjører han nå alltid rundt med verktøyskrin i bilen…
Hurra for Oddvar…

Så var det middag med masse tende stearinlys og fyr i den lukka peisen før syster og eg avrunda i kroken framfor fjernsynet med kaffi i stripete ittalakrus utan hankar. Heilt i tråd med oss sjølve vart me så opptekne av samtalen at me eigentleg ikkje hugsa etterpå kva tv-programma handla om…

Sånn kan ein fin fridag i februar sjå ut. Kjenner nå at psyken innstiller seg på skulestart att. Fordi eg er typisk “flink pike” midt i alt det andre rotet mitt skal eg ned på skulen nå snart og førebu tematimar om teknikk og design. Kanskje eg til og med rekk å rydda i papirbunkene, få unna øskja med rot som skal sorterast etter juleverkstaden (!) og byta ut bøkene i kassane frå skulebiblioteket…

God helg.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    inger permalink

    Veldig kjekt å få bli med deg til København! Har vore på fire dagars herleg lat hyttetur utan PC, men med kjærast og bøker og garn nok til å vera der ein månad til! Så no måtte eg oppdatera meg til langt på natt med alle dine nydelege tekstar!! Men veit du kva eg har med til deg i morgon?? Ei søt lys-gul-grøn emaljepotte de kan få låna! Ikkje bare er eg den heldige eigar av ei slik, men eg FANN henne også – i kjellarrommet! Made in sweden:)

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Fantastisk, Inger, tenkt at du går i kjellearen om natta for å leita etter potte til meg. Supert!
    Klem!

Legg att svar til inger Avbryt svar