Gå til innhald

Nå fekk eg tikken eg og…

mars 11, 2007

Og eg som skulle legga meg tidleg… Seks rare ting om meg sjølv skulle vel ikkje vera så vanskeleg…

1. Eg vert ofte sitjande mellom to og ti minutt i bilen etter at eg har parkert i garasjen, bare for at det er så vidunderleg godt å vera aleine ein stad der det er heilt stille…

2.Eg har ein spatial sans grensande til det katastrofale. Ofte er eg heilt ute av stand til å finna fram, sjølv til stadar eg har vore mange gonger før. Dersom eg spør om vegen, er eg i stand til å fylgja instruksjonen maksimum to ledd før eg er heilt desorientert igjen. (Type ta til venstre i neste rundkjøring og så til høgre ved Esso-stasjonen… Obs… der datt eg av lasset…) Eg nikkar og let som om eg skjønar, medan eg veit at bak neste sving må eg spørja ein ny person om vegen vidare…

3. Når eg ser eit spebarn, jobbar hjernen på spreng for å finna ein god grunn til å få lov til å halda ungen inntil meg.
Lukta av ein baby, og den gode tyngden av eit levande barn i armane, er den beste kjensla i verda. Men eg innser at ein ikkje kan gå bort til heilt ukjende menneske på ein kafeteria og tilby seg å byssa barnet slik at dei kan få drikka kaffi i fred… Desverre…

4. Eg brukar mest aldri ketchup, men må ha det på pizza… Veldig harry i fylgje meir urbane individ…

5. Eg er stort sett glad i all slags mat, men potetskrell set seg på tvers i halsen. Eg må skrella nypoteter og, om eg skal ha sjanse til å få dei ned… Poteter er forresten den karbohydratkjelda det gjer meg minst å klara meg utan…

6. Eg er veldig systematisk når eg heng klede på klessnora. Dei blir strengt sorterte etter eigar, type klesplagg, farge og storleik. Om eg gjer ein feil, tek eg gjerne plagget ned frå snora for å henga det på rett plass.
Kanskje ikkje så merkeleg i seg sjølv, men heilt absurd sett i samanhang med mitt manglande behov for system på dei fleste andre felt…

Nå utfordrar eg Tintomara, morsan og Skylla…

Heidi

From → Uncategorized

16 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    TAck för utmaningen, kommer inopm några dagar! 😉
    skönt att du är tillbaka, jag har undrat var du tog vägen! Det måste ha åpassat dig som hand i hadske att hålla på i flera dagar med psalmer på olika sätt.
    jag kunde nog tänka mig att skriva någon text åt det hållet – men melodi skulle jag aldrig kunna klara. Min fantasi ligger inte åt det hållet.
    Kram!

  2. Heidi: permalink

    Nei, eg ville aldri kunna laga melodiar eg heller, det tek andre seg av… Du kjenner heilt sikkert nokon som har lyst til å prøva seg somo komponist? Samarbeid er fine greier. Så fint å få til noko saman som iingen ville hatt sjanse til å klara aleine…

  3. Heidi: permalink

    Ein merkeleg ting til: Viss eg ikkje får sova snur eg meg opp ned, med beina i hodeputeenden, altså… og somnar…

  4. morsan permalink

    Jaha, då får jag tänka till 🙂

  5. synneva permalink

    Alle dei rare tinga visste eg om deg, min ven. Bortsett frå det med kleda. Det var meg totalt overraskande og utruleg fasinerande! Du skal ikkje sjå vekk ifrå at der kan koma nokre kommentarar i kvardagen om akkurat det. For eg må innrømma at eg fann det ganske så underhaldande. Eg som opererer som bibliotekar til tider har ikkje eingong slikt system når eg heng opp kleda. Imponerande, Heidi!

  6. Heidi: permalink

    Synneva:
    Ja, ikkje sant…
    Imponerande…

  7. May Brit permalink

    Tror det med klesssnoren må være genetisk…

  8. May Brit permalink

    Du tar aldri for stor plass på andedrakt Heidi…

  9. Heidi: permalink

    May Brit: Gjer du det og? Det hadde eg aldri trudd…

  10. May Brit permalink

    Jepp – og jeg nyter det…

  11. Heidi: permalink

    Eg og…

  12. Skylla permalink

    Ha ha, 2:an känner jag exakt igen mig i 🙂
    Och tack för utmaningen, men AnnA hann före, så jag har redan svarat.
    Kram!

  13. Torhild permalink

    Jo, eg kjenner deg godt, ser eg! Du gløymde å ta med at du ikkje liker lyden når du går i kram snø……. Gler meg t nye salmetekstar frå deg 🙂

  14. Heidi: permalink

    Lyden av knirking i snø er like forferdeleg som kjensla av å klemma hardt på ein pakke bomull eller ein pakke potetmjøl…

  15. April permalink

    Jag ska spara dina rare ting om jag skriver ett filmmanus en dag och behöven en intressant karaktär!!!

  16. Heidi: permalink

    April: Det tek eg som eit stort komplement. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: