Gå til innhald

Konsentrasjon:

mars 17, 2007

I kveld skal eg ut og fortelja. Eg skal fortelja heile Ruts bok i frå bibelen, i kyrja her i den vesle byen min. Det er spennande å gå inn i ein tekst og gje han vidare ,-utan å ha ei bok i mellom meg og dei eg skal gje historia vidare til.

Men det er eit stort arbeid. Eit stort konsentrasjonsarbeid. Eg skal danna meg indre visuelle bilete av alt som skjer,
for å kunna gje dei vidare. Eg skal hugsa alle detaljane, og vera tru mot teksten. Sjølv om eg har fortald denne historia før, så brukar eg mesteparten av denne helga til å få ho skikkeleg på plass att.

Heldigvis er eg kome så langt i forhold til prestasjonsangst at eg tenkjer at dersom eg gjer så godt eg kan og noko likevel skulle gå gale, så har eg i alle fall gjort eit ærleg forsøk på å få det til. Eg gjer dette i tillit, og som ein gave til dei som måtte vera klare til å ta i mot.

Og i neste veke er det Peer Gynt med alle avgangselevane i kulturskulen. Det er mykje som kan gå gale der og, men i beste fall blir det veldig bra. Det som er spennade nå er at musikarar, dansarar og songarar har øvd inn kvar sitt. På onsdag har me teke alle tiandeklassingane ut av skulen for å skapa ei heil forestilling av dette. Det er rett og slett veldig spennande.

Og så har me fått låna nattpotte til Jeppe på Bjerget, og kjøpt ei gammal rammemadrass på Fretex som Stig hjelper oss å byggja ei ekte baronseng av. Baren til Jacop Skomaker er og under konstruksjon.

Og alt dette er bare bi-jobbane mine. Det eg gjer utanom det som tek aller mest krefter, kjærleik og konsentrasjon, jobben min i fjerde klasse…

Det er ikkje rart eg aldri får tid til å rydda klesskapet eller kontoret mitt… Livet består av prioriteringar. Det er ikkje kvar dag det er like lett å halda tunga beint i munnen.

Nå blømar krokusane og. Men i går snødde det. Vinden er kald, men morgonane lyse. Vipa har eg endå ikkje sett, men ryktene seier at ho er her.

Men nå må eg ned og konsentrere meg.

Heidi

From → Uncategorized

10 kommentarar
  1. Jarfeld permalink

    Takk for alt du deler, det er bare fantastisk å få lov å få desse gløtta inn i levd liv- levande liv var det vel eg tenkte på…. «Dersom eg gjer så godt eg kan..»- eit glitrande utgangspunkt.. Kven kan forlanga meir, det er bra nok- veldig bra!!! Kjenner på meg at dette kjem til å bli edle steinar å ta med seg- ut i kvardagen. Der det tidvis bles og stormar- og der meininga med alt ikkje er krystallklar, når det står på som verst. Men etterpå, når ein sig ner- og har makta det ein grudde for, smyg det seg liflige tonar inn i det inste kammeret.. «Visst skal våren komma–!!!» Lukke te, kjære skribent!! Du er ei sann gåve til dei som måtte vera klare til å ta imot, ver viss på det! 🙂

  2. Heidi: permalink

    Tusen takk for fiine ord, Jarfeld.

  3. Heidi: permalink

    Og giss kven som har rydda klesskapet i dag, forresten. Da-daaa!

  4. RaTo permalink

    ? Dumt eg ikkje kunne koma og høyra deg i går, Heidi ? men eg er trygg på at du, som alltid, trollbandt ditt publikum! :o) Gratulera med rydda klesskap ? eg klør i fingrane etter å ta fatt i alt rot. Kjende det denne morgonen, at eg heller ville ha vore heima og rydda enn å gått på jobb.

  5. Heidi: permalink

    Ra-To: Fleire ryddedagar til folket!!!
    (Men kjenner eg meg sjølv rett så hadde eg havna framfor pc-en…)

  6. May Brit permalink

    Var veldig fin tolkning du hadde på Ruths Bok – du er flink!!! Kjekt å være sammen med deg på skolen – du er en kjempeflink pedagog. Uendelig glad i eg søs 🙂

  7. Heidi: permalink

    Nå mista eg munn og mæle…

  8. Smulmia permalink

    Jag befinner mig i Norge før tillfællet och ville bara sæga HEJ!
    🙂

  9. Heidi: permalink

    Så koseleg, Smulmia! Synd at Bergen er litt for langt vekke til at me kan drikka ein kopp kaffi i lag! Kos deg der!

  10. Smulmia permalink

    Jag hade i bakhuvudet att du nog bodde en bit från bergen annars hade jag kontaktat dig i førvæg!
    Tyværr har jag blivit sjuk nær jag har «fri» tid hær och orkar inte riktigt utforska Bergen som jag tænkt mig, men såg en liten del av staden iaf. Har tagit medicin nu så jag ær pigg en stund så då passar jag på att surfa en stund på hotellet… 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: