Gå til innhald

Regn, regn, regn, regn…

april 18, 2007

Det er omtrent slik at takvinduet mitt blir slått inn av piskande regn. Får seia som salig Obstfelder: Deilig og vått, deilig og rått…

Eg har ein intens arbeidsdag bak meg. Me har øvd heile dagen på musikalen Heksene, etter boka av Roald Dahl. Me trudde me hadde sånn ca kontrollen, men av alle dei tinga som skulle klaffa, var det litt for mange som ikkje gjorde det. Eit skuleteaterstykke som involverer 75 elevar og seks lærarar er ei ganske heftig affære…

Det kritiske punktet i dag var alle sceneskifta, der scenen raskare enn lynet skal veksla fram og tilbake mellom å vera hotellrom, hotellresepsjon og spisesal. I tillegg vart det vanskeleg med alle skifta av myggar etterkvart som folk skal av og på scenen… Og så viste det seg at avslutningssongen overhodet ikkje sat som han skulle…

Det ende med at me måtte halda ungane ein ekstra time på skulen for å få ei god gjennomkjøring, og sju timars samanhangande teaterøving er sterk kost for alle involverte partar. Heldigvis takla elevane beslutninga heilt eksemplarisk. Dei som trong det, fekk låna telefonar for å ringa foreldre, avbestilla speletimar og ordna andre praktiske ting fekk lov til det, og så var det på an igjen…

Nå er eg takknemleg for alle kryssa fingrar, for i morgon er det forestillingar heile dagen. Hekser skal dansa, forheksa og synga i kor. Og to gutar skal forvandlast til vaskeekte levande mus. Det skal serverast sjokolade med musemakar på, og folk skal ta saltoar og utføra halsbrekkande akrobatikk i tillegg til å hakka grønsaker og laga “Gjer -det -sjølv -saus”. Det kan gå bra denne gongen og, men i dag var det ekstremt nervepirrande…

Heidi

From → Uncategorized

7 kommentarar
  1. morsan permalink

    Håller tummar med korsade fingrar 🙂

  2. Heidi. permalink

    Tusen takk morsan.
    Precis vad jag behöver!

  3. RaTo permalink

    Ja, «Break a leg!», Heidi og alle andre involverte! Og ha det moro, det er tross alt det aller viktigaste! :o)

  4. Tintomara permalink

    Håller också tummarna!

  5. Torhild permalink

    Det gjekk nok bra…..gjorde det ikkje??

  6. Heidi: permalink

    Jo, det gjekk overraskande bra! Denne gongen og… Rett nok klikka eit par småting på kveldsforestillinga. Mellom anna datt ein radiator bak sceneteppet ned rett før me skulle begynne slik at Jan Ivar måtte stå det og tørka oppvatn som sildra ut av eit røyr frå veggen samtidig som han las manus, bestyrde scenearbeidarar og trekte teppet frå og for…
    RaTo: Klart du har heilt rett. Det viktigaste er å ha det kjekt, og det hadde me…
    Takk for all god omtanke. 🙂

  7. Sean Underdal permalink

    Your are Great. And so is your site! Awesome content. Good job guys!

Legg att svar til Heidi. Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: