Gå til innhald

Ein time før livet går inn i mai.

april 30, 2007

-Og fullmånen lyser inn gjennom vinduet mitt. Viss det er noko ingen ville koma på å rosa meg for, så er det grøne fingrar.

Hagen vår, er vel omtrent heilt på grensa til det minste ein kan våga å kalla hage… Ein grøn flekk framfor huset og eit bed mot vegen, ein minimal hage bak huset med eit bed på skrå mot naboen. I tillegg har me terrassar rundt huset på tre sider… Me var ute eit par-tre timar i kveld og prøvde å i det minste koma i gang med oppryddinga… Eg skal ikkje ein gong bruka tid på å beskriva utfordringane i form av nedsagde tre, gamle malingsspann, tomme blomsterkrukker, ein gammal… Nei, det var jo akkurat dette som skulle få vera hemmeleg for alle som ikkje bur nære nok til å sjå og grøssa…

Saman med veldig mange andre var eg på eit hagesenter og kjøpte planter til å ha i krukkene mine. Då eg kom ut var eg sånn omtrent inneparkert på alle kantar og rygga ut med hjartet i halsen medan ein eldre mann stod og vinka…

Og nå er blomane planta ut i pottene, så noko har me då fått gjort.Kanskje dette er den sesongen me stolt skal retta ryggen når naboane går forbi og sender lange blikk mot prydhagen vår? – Alt er i teorien mogleg…

Eg har tenkt å ivareta tradisjonen med å skriva her kvar dag i mai. Mai månad er det mest intenst levande eg kan tenkja meg. Kanskje går det an å ta vare på ein del av impulsane om ein bare er rask nok på tastaturet?

Nå skal eg tassa meg ned loftstrappa på bare føter og gli inn i neste månad i horisontal stilling.

Gud velsigna livet…

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. borghild permalink

    hehe! ser deg for meg på parkeringsplassen! bra det finnes snille folk som hjelper til med vinking!

  2. Jarfeld permalink

    Framleis april, når eg skriv dette. Kirsebærtreet ditt blømer, skreiv du i går. «Finn gullet, puss det- og lyft det opp i lyset». Det er så mykje vakkert å lesa på denne bloggen, så mange gullkorn, så velsigna gode tankar. Les og finn, leitar og nikkar. Mai er minutt borte, «det mest levande eg kan tenkja meg.» Alltid noko å ta med seg her, du skal ha mange takk for det! Rotet har me alle, nokre er flinkare å gøyma det bort, medan nokre (les:naboen) køyrer til bossplassen og kastar skrotet. Godt det finst verdiar å ta vare på, ting å le av, humor-esker, maikatt(ar)- og mykje anna. Men alle blomane ein kan plukka i bloggen din, Heidi, er gull verdt. «Kom mai, du skjønne, milde, gjør våren atter ny..» Snart kan me alle tassa ut i vårnatta, utan sko, kjenna doggvått gras under føtene- og gli inn i sommarnatta, som var det fyrste gongen….

  3. Heidi: permalink

    Jarfeld:
    Ja, er det ikkje utruleg kor flink naboen alltid er. Min nabo står småplystrande og klipper buskane sine i kulefasong medan eg prøver å finna fram til molda i bedet mitt. Forøvrig er han ein kjenekar og femdobbel norgesmeister i havfiske…
    Det merkelege er at eg elskar blomar og fine hagar. Eg har bare ikkje meir omsorg å ta av når eg kjem til hagen, eller noko i den leia… Fram for humoresker 🙂

    Borghild-
    Ja, du kan godt få lov til å le. Det er ikkje første gongen mannlege riddarar i ulik alder har vinka meg ut av ting. Ein gong måtte eg rygga ein smal svingete veg frå ein italiensk landsby på toppen av eit fjell medan alle dei mannlege pensjonistane i byen stod der med oppbretta skjorte-ermer og vinka meg fram… Her i landet har det til og med hendt at eg har lånt riddaren bilnøkkelen og så har dei fiksa vågestykket for meg…

Legg att svar til borghild Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: