Gå til innhald

Å feira ein alt anna enn rund dag.

mai 23, 2007

Eg er heilt i ørska i det eg vaknar. Natta har vore i kortaste laget. Likevel legg eg merke til at barnet som er ein del av meg hugsar med det same at det er ein spesiell dag.

På same måten gjer det meg barnsleg glad at kjærasten min og hugsar det med det same han står opp.

Ingrid kjem med pakke frå seg og storebror. Ein skikkeleg hårbørste i tillegg til bodylotion og dusjsåpe. Ho har lagt merke til at eg grer det lange håret mitt med alt frå lusekammar til babybørster med halvparten av børstene borte i mangel av betre ting.

På personalromet er overtyren til dagen “Happy birthday” og mange mjuke klemmar. Eg har barnsleg glede av klemmar og. Syster mi kjem inn i klasseromet med ei diktbok, som eg får pakka opp medan elevane ser på, og tre av jentene i klassen min har laga ei bok i A3 format med eigne dikt og teikningar. Rørande som bare det.

Eg er søvnig og tung i kroppen etter alt for mykje jobbing, og kollegene mine har det heilt likt. Me blir enige om at me må bruka dette som ein “ta lett på jobben dag,” og me klarer det nesten…

Ei eg kjenner som har vore akutt sjuk står plutseleg i trappa og er sånn omtrent frisk. Me utvekslar nokre fraser over gjennom ein etasje trapper, og blir samde om å snakkast snart. Eg blir glad.

I matpausen sendar eg ordenselevane ut for å kjøpa is til klassen. Litt får ein by på på slik ein dag. Etter jobben har eg avtalt å møta mann og barn og Oddvar på kinarestauranten. Pekingsuppe og okse i kvitløkssaus med grønsaker.

Meldingane flyt me jamne mellomrom inn på mobilen. Synneva sender ei melding som kan vekslast inn i eit kafébesøk, minste jenta mi kjem med kaffikrus, matboks, stearinlys og serviettar i same nyansen av blått.

Eg hadde tenkt at dette var ein dag ein gjekk stille forbi, men plutseleg kjem Laila på besøk med blåtonelys frå ikea og fiskeforma skåler, og så dukkar Astrid opp med
ein prikkete orkidé. Og plutseleg er eg meir feira enn nokon intensjon skulle tilseia, og nå skal eg leggja meg tidleg og prøva å sova meg inn. Morgondagen vil kreva si kvinne, og veit du, det er meg som skal ut og leva…
Har eg tenkt i alle fall…

Men først skal eg lesa Martin Lönnebo sitt kapittel om allkjærleiken ein gong til. Allkjærleiken som handlar om tillit og som ein kan lena seg i mot. Måtte me alle våga å opna oss for det som er det gode.

Og ikkje merkbart eldre… Bare bittelitt…

Heidi

From → Uncategorized

13 kommentarar
  1. synneva permalink

    Akkurat passe bittelitt eldre! Gratla igjen!
    Eg sit og er litt redd for å bli bitt av facebook-basillen. Får stadig forespørslar om å bli venn med nokon eg allereie er venn med. Burde me ikkje eigentleg halde oss unna heile facebooken? Er det ikkje kjekkare å treffast ved eit kafèbord? Sånn heilt i live, meiner eg…..klem.

  2. Heidi: permalink

    Synneva:
    Eg held ein knapp på å halda igjen med tanke på facebook. Fram for kafélivet… Men du og eg har kasta oss ut i galskapar me hadde tenkt å stå over før me…
    Klem

  3. Jarfeld permalink

    Bare bittelitt:
    Vår daglege Heidi i mai, er blitt ein god vane, på same måte som «vår daglege Beatles» i radio. Kjenn deg gjerne beæra, for det er rikt å lesa tekstane dine. Til lukke med Dagen og dagane som kjem!

  4. man skal aldri undervurdere verdien i en klem.. STOR KLEM fra favoritt barnet ditt =)

  5. Heidi: permalink

    Jarfeld:
    Vår daglege Beatles? Har eg gått glipp av noko? Når då? 😉
    Tusen takk!
    Favorittbarnet mitt:
    (Eg har fire av dei, men dei andre les truleg ikkje her)
    Meir klemmar til folket!
    Tusen takk for din.
    Stå på med eksamenslesinga i dag 🙂

  6. Torhild permalink

    Heia Synneva!!Stilig at me er fleire som tenkjer i same retning når det gjeld facebook! Og Heidi:Eg inviterar på kaferunde i juni 🙂

  7. morsan permalink

    Gratulerar i efterskott med en kram ❤

  8. Heidi: permalink

    Torhild og morsan: Tusen takk.
    Det blir reine pub-til-pub-runden, eller noko slikt…

  9. Jarfeld permalink

    Replikk:»Vår daglege Beatles?…Når då?» Kan høyrast måndag til torsdag kl. 1330 på NRK P1, fredagar kl. 1430, 212 dagar med 212 Beatles-songar. Kan og lastast ner som podkast. Men kan hende er 212-Heidi-bloggar minst like mykje verdt som 212 Beatles-snuttar?! Og sommardikta dine, Heidi, dei nye du ga oss ein gløtt av ein gong, tek gjerne imot fleire smakebitar av dei, om mogleg. Du er ein tusenkunstnar med ord, det veit me….

  10. Synneva permalink

    Dette må eg bare bekjenne: I sekundet etter at eg hadde skrive dette, fekk eg mail om eg ville bli venn på facebook, igjen. Blei nysgjerrig, og…..sat i 2 timar på facebook. Sorry folkens, der brast mine ideal. Men eg held framleis ein knapp på kafèlivet og verkelege møter.

  11. Fleire favoritt ongar? Det går ikkje 🙂 alltid den første som er mest verd, eller iallefall den med mest utdanning =) gleder meg til å komma heim og få en god klem og god mat 🙂 ikke lenge til ferie nå =) må innrømme at det er litt kjekt å lese her å få med seg det som skjer hjemme =)

    (gikk vist fra nynorsk til bokmål der. det må jeg passe på å ikke gjøre i morgen)

  12. Heidi permalink

    Her vart det reine samankomsten i dag. Slikt likar eg. Klem og god mat skal bli min kjære son. Lukka til med eksamen i morgon.

  13. Heidi: permalink

    Jarfeld:
    Skal sjå om det ikkje kan bli fleire sommardikt…

Legg att svar til Synneva Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: