Gå til innhald

Blå himmel, kvite skyer, grøne bjørke

mai 25, 2007

og grønt gras. Det er det eg ser frå vinduet mitt i dag.
Eg har fri i dag og det er herleg. Det er marknadsdagar i den vesle byen min og folk håpar på noko så banalt som fråver av regn. Då er me stort sett fornøgde, me som klorer oss fast i nordavinden her ute på kysten av sørvestlandet.

Gladmeldinga for i dag er at det ser ut som om me klarer å styra unna skjæret i sjøen som eg så kryptisk skreiv om i går. Det viste seg at ein av gutane kom opp til tentamen i matematikk på premieredagen, som bestod av fire forestillingar. Det kunne ikkje bli snakk om å spela stykket utan han på så kort varsel heller. Og me som trudde me hadde sjekka og dobbelsjekka at slikt ikkje kunne skje…

Heldigvis ser det ut som om ting kjem til å ordna seg. Me får til å flytta heile forestillinga med publikum og kulisser ei veke fram i tid. Det er eit kunststykke eg var redd ville bli heilt umogleg på denne årstida med avslutningar, eksamenar og skuleturar, men det ser ut som om det går… Takk og lov!

I dag er det ein spesiell dag, slik som mange av desse dagane i mai faktisk er det. For tjueto år sidan stod eg hand i hand med kjærasten min framfor altaret i ei lita kvit trekyrkje, med liljekonvallar i håret, og lova høgtideleg å bli hos han i gode og vonde dagar resten av livet. Då preludiet sette i, og far skulle føra meg opp midtgangen, høyrde eg den første gauken gala det året. Det tok eg som eit godt teikn.

I dag er han i Trondheim, og eg har ikkje sett han endå, men viss flya held seg etter ruta så møter eg han utanfor teaterhallen inne i den store byen klokka kvart over åtte i kveld. Me skal sjå ei forestilling om å leva saman, i lag med ein gjeng frå jobben min.

Menasjeriet her i heimen ser ut til å vera utan begrensningar. Det siste er at Halvard kom heim med ein fugl, som nå held til i det eine hamsterburet. Det ser ut som om han har skadd den eine foten sin. Eg er vel ikkje veldig sikker på om det er lurt å ta han inn, og slett ikkje sikker på om han kjem til å klara seg, men eg har problem med å stå i mot entusiasmen og omsorgen som min yngste son viser alle dyr. Det er lett kaotisk å leva i hus med dokter dyregod.

Pr akkurat nå har me to kattar, hamster, tretten rumpetroll og ein skadd fugl inne i varmen. For ikkje å snakka om at me har ein god gjeng småfluer inne på kjøkkenet som eg prøver å jaga vekk…

-Kan eg hjelpa deg med noko?
Eg var inne på butikken og vart møtt av ein tidlegare elev som geleida meg fram til makaronien. Han sjarmerer meg framleis like mykje som han gjorde då han var sju år. Eg er blitt gammal nok til å møta tidlegare elevar i alle settingar. Det er bonusen etter tjue år på den same lokale arbeidsplassen. Helst ville eg pleia jamnleg omgang med dei alle saman, men det let seg ikkje heilt gjera i praksis.

Og ein kopp kaffi og mange koselege småpratar klarte eg å skaffa meg i Storgata i dag. Eg hadde store ambisjonar, men har stort sett vast rundt heile dagen. Det har vore heilt vidunderleg.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. morsan permalink

    Oh, en Heiditext om dagen är synnerligen välgörande 🙂

  2. Heidi: permalink

    morsan:
    Så bra viss skrivekløen min får positive ringverknadar…

  3. Tintomara permalink

    Jo men visst får den det! Jag önskar bara att du fortsätter likadant när maj är slut!

  4. Heidi: permalink

    Eg er svak for smiger, og er heilt open om at eg er det… Så kanskje…

Legg att svar til morsan Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: