Gå til innhald

Blind date i Storgata.

mai 26, 2007

Eller kanskje “Som pinseaften på kjerringa?”

Nokre dagar er det vaskeleg å velja heading…

Eg vakna ikkje før klokka var mest elleve, og då vakna eg av at fugleungen på Halvard sitt rom ropte på mat. Hovudverken eg vakna til er ei fylgje av at eg kan stå på så lenge som helst når eg held tempoet oppe, men så kjenner eg kor trøytt eg er når eg kan lena meg tilbake.

Eg ordinerte for meg sjølv to paracet, ein kopp varm sterk kaffi og morgonavis. Dessverre viste det seg at me var heilt tome for kaffi. Sidan sola skein så fint og byen vår kokte av menneske akkurat i dag, vart medisin nummer to å gå ein lang bedageleg tur og kikka på liv og menneske.

I Storgata var det liv over alt. Det var sal av varme lappar med jordbærsyltetøy og grillpølser rett frå grillen. Det vart spela musikk, og det var moteshow og mattelt på torget. Utanfor banken stod to handfullar frelsessoldatar og song med tonefylgje frå gitar og mandolin: “Send bud på Han som alle ting gjør vel.”

Det spennande med Storgata slike dagar er at du er garantert å møta folk du kjenner, men du veit aldri kven. Sånn sett blir det noko bortimot ein form for blind date. Eg møtte nokon eg ikkje har sett på kjempelenge. Eg møtte mellom mange andre, ei eg har kjend i heile mitt liv, som mista mannen sin for to veker sidan. Det var fint å få gitt ein klem og utveksla nokre setningar.

Eg kjøpte med meg napoleonskake, og gjekk bort til onkelen min, som for tida ikkje kjem seg så langt på grunn av vonde kne. I hagen hans plukka eg ein gigantisk bukett med liljekonvall omkransa av raude alperoser. På veg heim gjennom Storgata var det fleire som kommenterte dei fine blomane. Det er skikkeleg luksus å ha fritt leide til å forsyna seg.

Presangane dryp framleis inn. Fryd og Gry har vore innom med post-it-blokk der der står “med klem frå Heidi” på alle lappane. Gerd kom med oleander og ein anna plante i to små potter. Det står at plantene veks i buskformasjon og kan bli 2-3 meter høge. Betyr det at dei må plantast inntil ein vegg med espalier, mon tru?

I går kveld fekk eg i-pod av kjærasten min. Det blir spennande, det har eg aldri hatt før, men eg må få hjelp til å leggja inn musikk. I kveld kom Jan og Bjørg og Ida og Tonje innom med teklype, te og teboks.

Etter turen ut sette eg meg til med kaffi og aviser, og kjærasten min sa at me ikkje måtte venta alt for lenge med å handla i tilfelle dei stengde tidlegare på pinseaften. Eg sa at det sikkert var sant og klokt, og så drakk eg endå meir kaffi.

Då eg kom til butikken klokka fire, stengde døra rett framfor nasen min, og det viste seg at fire var stengetid på alle butikkar i dag. Kjøleskapet vårt var endå tomare enn vanleg, og saman med andre menneske med manglande kontroll over livet sitt vart eg ståande i kø på ein bensinstasjon, der eg fekk kjøpt kaffi, mjøl, potetgull, farris. brus og lørdagsgodt… Så reiste eg heim og bakte bollar for å ha noko å by barn og gjester på…

Fugleungen er framleis i live, og ungane legg ned blankt veto mot å setja han ut, fordi dei er overbeviste om at han ikkje kjem til å klara seg. Eg er redd oddsa ikkje er så høge her hos oss i eit hamsterbur heller, men han er framleis ved godt mot… Ca kvar halvtime ropar han på oss og stiller seg så opp med gapande nebb slik at me kan mata han rett i gapet. Han har fortært oppbløytt brød, solsikkefrø, linfrø, hamstermat og små munnfullar med kjøtdeig… Her er det pleie av døyande hamsterar den eine helga og livberging av stareungar den neste…

Kanskje eg nå skal gå ut og planta oleander før plantene tørkar opp? Eg skal gjera eit forsøk i alle fall. Kanskje fingrar plutseleg kan bli grøne? Ute på haugen et kyrne gras heilt øverst på bakketoppen. I fylgje Inger er det eit godversvarsel. Og godversvarsel er me svake for.

Kjærasten min lastar ned Imagine av John Lennon for meg. Jeppe skal nemleg vakna i baronen si seng til akkurat den musikken og tru at han er i himmelen.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Sorry permalink

    Imagine blind date in the big street. Like the yellow-night for the housewife. As if it was in heaven. But for the heavy light. Heading for the empty refrigerator. A nightmare! Put in the … cows. Happy Pentecoste, speak in tongues everybody. Let it be…..May!

  2. Heidi permalink

    Sorry:
    Happy pentecoste, let it be May.

Legg att svar til Sorry Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: