Gå til innhald

Mitt favorittrom i livet

juli 23, 2007

i alle fall eit av dei, er det romet som heiter Korsveifestival. Eg er metta på sterke inntrykk som eg skal leggja ut smakebitar på her sånn etterkvart.

Som de sikkert har forstått, måtte eg greia meg utan internett medan eg var der, og det kjendest i grunnen heilt ok… Men eg unnar alle som les her å få del i opplevingane mine…

Nå er me installerte hos svoger, svigerinne og to nevøar her i Bærum. Me lever nomadelivet på femte veka i strekk, og eg trivst eigentleg forbausande bra med det. Ungane har sove tretten timar i strekk etter teltliv i tenåringsleiren, og er nå nokonlunde klare for livet att. Om ein times tid blir det formiddagsmat hos svigermor.

Eg telde på knappane om eg skulle skriva denne teksten eller ikkje, ikkje fordi han er provoserande eller kontroversiell, men rett og slett fordi eg var redd for at den andre teksten eg nettop skreiv skulle drukna i denne. For det var nemleg ein veldig viktig tekst…

Eg har sett på telleverket mitt, som eg må innrømma at eg fylgjer nøye med på, at viss to tekstar blir lagt ut samtidig, så er det den nyaste teksten folk les. Så lov meg å lesa den teksten eg la ut før denne og, kjære lesarar…

Dette blir viss bare prat. Det er jo så lenge sidan eg har prata her… Halvard er ute med far sin og luftar Marco, den nydelege irske settaren til vertskapet vårt. Han har verkeleg gleda seg til å vera hundepassar. For tida er han heilt besatt av ynskjet om å få ein hund medan me andre meiner at to kattar og ein hamstar er meir enn nok. Dessutan har eg opna for at Sunniva skal få kjøpa seg undulat. Dei dyrekjære ungane mine går liksom aldri nok dyr rundt seg, og nå har me jo slept ut dei åtte froskane som Halvard avla fram frå rumpetroll nå på forsommaren.

Det regnar mjukt sommarregn der ute, og eg har fått ein uforståeleg trang til å laga ein fin staudehage når eg kjem heim ein gong mot slutten av veka. Frodig og blømande. Kanskje eg rett og slett får det til?

Sommaren har vore god.

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. morsan permalink

    Dina texter läsar jag som du lagt in dem, dvs den äldsta först 🙂

  2. Tintomara permalink

    Jag också! Bara tanken att jag inte skulle läsa allt…

  3. Heidi: permalink

    Det er bra 😉

  4. Torun permalink

    Bergteken av festivalen og av dine ord, det var sånn det var! Kunne absolutt ikkje halda tårene attende då «prosesjonen» toga inn til ei dirrande messe i «manesjen»! Alle sansane vart utfordra! Eg kan knapt venta i 2 år til fortsetjinga. Inntil då skal me kjempa for ei meir rettvis verd, der respekt og ærefrykt for alt liv er grunnleggjande!

  5. Torun permalink

    Var det ein intuitiv skrivefeil at kommentaren kom her og ikkje til teksten «Inn i manesjen»?

  6. Heidi: permalink

    Det var det sikkert, Torun. Fram for respekt, ærefrykt og rettferd. Eg blir bergteken kvar gong eg er der.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: