Gå til innhald

Gränshandel:

juli 24, 2007

I dag tok me med svigermor på handletur til Sverige, og som ekte nordmenn hadde me med oss ein bag med kjøleelement for å få frakta kjøttet og flesket heim i god behald.

Me hadde ikkje tenkt oss så langt, Töckfors, like over svenskegrensa var målet vårt. Det var tydeleg at me i eigenskap av å vera gode nordmenn var sjølvaste målgruppa for all handel der. For å vera sikre på at me forstod kva det dreia seg om var det teikna søte små rosa griser på kjøttbutikkane. Ekspeditørane snakka norsk og ein kunne betala med norske pengar… Godis, flãsk, tobakk og alkohol var varene som var mest synlege.

Eg hadde personleg bare eit innkjøpsprosjekt: Eg hadde lyst til å kjøpa meg eit par svenske romanar, for eg vil helst lesa svenske bøker på svensk. Det viste seg imidlertid at i den einaste bokhandelen eg klarte å oppspora selde dei stort sett bare norske bøker… Dei bøkene eg fant på svensk var omsette frå andre språk, og då falt liksom vitsen bort…

Men eg fekk kjøpt ein stabel teikneseriar på svensk: Kalle Anka, Bamse, Supermann og ein del fleire. Dei skal eg ha liggande i klasseromet slik at elevane mine kan få litt spontantrening i å lesa svensk. Dei skal nemleg bli kjende med språka i grannelanda våre.

Grensehandel er noko merkeleg. Eg hugsar Svinesund for tjue år sidan. Då var det ein plass eit gedigent hoppeslott i gummi der ein kunne plassera familiens barn medan pappa var i “Porrshopen” og mamma handla godis, sprit, flesk og røyk…. Eller motsatt, kva veit eg… Den gongen var me på kafé i lag med bror min og svigerinne og åt feittete pommes frites og wienershcnitzel på ein nokså sjuskete kafé. Då me skulle på toalettet låg det ein stabel pornoblad der på ein stol til fri bruk…

Dette formen for grensehandel er kanskje med på å befesta alle fordommar: Kva svenskar har å by på, og kva nordmenn er interessert i å ha med seg heim? Eller kanskje det nøkternt og kynisk sett er akkurat det Ola Nordmann er interessert i møta og å ha med seg heim. Eg må innrømma at tanken er litt ubehageleg…

Men i dag hadde me ein hyggeleg dag i grannlandet. Me åt lunsj utandørs ved kanalen og maten smakte godt med blondeduk og geranium på bordet. Me fekk vera vitne til at eit sveitsisk ektepar på kanalferie vart slusa gjennom slusekammer i båten sin, og posen med fryseelementet vart fylt til randa…

Vel tilbake i gamlelandet gjekk Eva Mari og eg på kino og såg ein spansk film: “Blå, nesten svart.” Me var bare åtte tilskodarar i salen, men filmen var vakker og kan anbefalast. Nå senker mørkret seg rundt oss. Det merkest at sommaren har passert det aller lysaste og er i ferd med å bli fullmogen.

Heidi

From → Uncategorized

7 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    jag minns när vi åkte till er och köpte socker och margarin!

  2. Heidi: permalink

    Det må vel ha vore nokre år sidan, Tintomara? Kanskje ikkje så lenge som eg trur, eg er nemleg vestlending og er ikkje oppvaksen med grensehandel. For meg er heile fenomenet litt merkeleg. 🙂

  3. Peppar permalink

    Jag tycker också det är ett märkligt fenomen. Jag har sommarhus i Strömstad och det är ett spännande spektakel att åka till Nordbyn och se norska familjer lasta tre kundvagnar fulla med djupfryst kyckling och cola! = )

  4. Torhild permalink

    Godt at du er tilbake igjen på Andedrakt og at Korsvei gjorde godt! Høyrer gjerne dei fortellingane neste gong me møtest! No er det ei veke att av Spaniaopphaldet. Fortsatt herleg med sol og varme. Svein Tindberg er her og skal vera ilag med oss nokre dagar! Fin og både sjå og høyre på!!

  5. borghild permalink

    mor husker den ekle doen… ho meinte at du kjøpte nokon spesielle dokker?? kålåker?

  6. Fia permalink

    visst är det märkligt.. jag har själv bott i gränslandet (Charlottenberg). snus brus kylling og godteri för hela slanten, man kunde inte ens betala med svenskt kort!

  7. Heidi: permalink

    Borghild:
    Ja, ei stk kålåkerdokke, men ho var ein billig etterliknking av dei ekte kålåkerdokkene som var populære akkurat då. Eg laga masse dokkeklær og gav ho til Siri, den eldste niesa vår til jul i 1985 trur eg…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: