Gå til innhald

Pensel på stort lerret.

august 29, 2007

Dei første vekene etter skulestart heiter det lerretet eg malar livet mitt på skule. Jobben tek så stor plass i livet mitt akkurat nå at eg har problem med å hugsa at folk pleier å laga og eta middag sånn ein gong utpå ettermiddagen.

Det er fint og intenst å vera i lag med ungane. Daglege små under og heilage stunder dukker opp mellom slaga.
Livet dirrar og skjelv og lever, og det går levande straumar på kryss og tvers i klasseromet.

På fredag skal alle elevane her i småbyen gå ein vennskapsmars til torget. Me har laga plakatar i dag til å bera med seg. Elevane fekk sjølv foreslå kva som skulle stå på dei. Ein plakat står det “Peace and love på” med store peacemerke og hekla snorer. Guten som designa plakaten var nøye på at alt skulle vera i “hippifargar.”

Eg fråråda teksten “Ned med krig og elendighet”, og eg la ned forbud mot påskrifta “Ut med Bush”. Elles så fekk dei formulera sine eigne slagord om vennskap og fred og alt som godt er. Ironisk nok kan vennskap settjast på prøve når ein har som gruppearbeid å laga ein vennskapsplakat. Det er ikkje alltid så lett å forstå at dei andre ikkje vil ha det akkurat slik som ein sjølv har sett det for seg…

Men me kom vel i havn, ein time på overtid, og elevane var stolte over resultatet.

Etter at elevane er sende heim kjem neste etappe av lærargjerninga… Foreldremøte skal organiserast og invitasjonane lagast, målprøvar skal produserast, bøker skal rettast, telefonar og sms-ar skal gå heim til diverse foreldre, og eit tema om naturen om hausten skal snekrast saman. Så skal dagen evaluerast, og me på trinnet skal diskutera om noko bør gjerast annleis neste veke…

Eg lurer på korleis eg hadde tid til å ha denne typen jobb då eg hadde fire små ungar, men det gjekk det og. Om det er ein type jobb eg verkeleg vil anbefala nokon å utdanna seg til? Ja, sjølvsagt…

Og ein ting til: I dag har eg utvikla ein ny salat som smakte heilt nydeleg: Issalat, reker, avocado, agurk, jordbær og brie. Har oppdaga at mange store smaksopplevingar ventar om ein bare slepper kreativiteten laus…

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. borghild permalink

    eg gler meg til å bli lærer når eg les bloggen din!

  2. Heidi: permalink

    Det var kjekt å høyra, Borghild. Eg er sikker på at dette yrket er midt i blinken for deg. 🙂

  3. Tintomara permalink

    Visst har vi ett underbart jobb!

  4. Torhild permalink

    Amen! Det er fantastisk å vera lærar!

  5. Heidi: permalink

    Bare synd at det så sjelden er det som kjem ut i dei offentlege

  6. Heidi: permalink

    debattane skulle det ha stått. Det gjekk litt for raskt her…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: