Gå til innhald

Oktobersol.

oktober 24, 2007

Rett og slett sol og blå himmel i dag. Eg fekk lufta den nye mørkeraude ullkåpa med kokosnøttknappar som Eva Mari har sydd til meg. Og det nye skjerfet i djup lilla hekla med stavar av tilsette ved ein verna bedrift med limegrøn kant med bittesmå duskar. Og alle sa at kåpa var så fin, og eg vart barnsleg glad.

Arbeidsdagen var lang og innhaldsrik og me feira FN-dag i aulaen og song så høgt me kunne. Eg fekk laga innkallingar til foreldresamtalar i veke 45 og oppdaga ein så stygg stavefeil at eg måtte leita fram korrekturlakken til Eilen etter at dei hadde gått i trykken.

Ingrid steikte løvbiff til meg og fekk meg til å le til eg omtrent mista pusten av imitasjonane sine. Etterpå drog me på kjøpesenteret for å handla gebursdagspresangar til ein person me er veldig glade i. Akkurat nå har eg umåteleg glede av familien min, systre, svigerinner og døtre, det er fine saker det.

I postkassen låg eit postkort frå kjærasten min til kattane. Han innleia med mjau,mjau, mjau og resten får vel kanskje få vera privat sidan det var eit privat kort, som eg rett nok har snike meg til å lesa.

Så kjøpte eg Dagbladet på impuls, bare fordi eg lot meg sjarmera av at dei skreiv om då Wenche Foss begynte å jogga mange og åtti år gammal fordi ho hadde forelska seg…

Då eg stod inne på ein bokhandel slo forkjølinga ned som eit lyn i meg. I frå det eine sekundet til det andre hadde eg plutseleg sår hals og var tett i luftvegane. Merkelege greier, men eg aktar å sova det av meg. Når eg bare for rydda kjøkkenet mitt….

Heidi

From → Uncategorized

13 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Synneva permalink

    Heidi, min ven! Du må ikkje dra på deg forkjøling og slike stygge saker no, for i morgon skal du og eg på kafe!!!! Gler meg.
    Stor klem.

  2. Ukjend's avatar
    Leif permalink

    Nå skal jeg også på kafe – siste døgn ute på tur – i Madrid

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Synneva: Eg gjer meg ikkje så lett over til forkjøling og styggeskap.
    Leif: Snakkast på Sola om litt over eit døgn.

  4. Ukjend's avatar
    Borghild permalink

    her i Bergen har det og vore kjempefint ver idag. eg har vore på tur i skogen med to 1.klasser 🙂 veldig koselig!

  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Kos deg med første klassingane, Borghild. Eg har tru på at du er på hundre prosemt rett plass når du er midt i ein gjeng elevar. 🙂

  6. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    jag tycker jag ser dig för mig i din fina röda kappa. jag vet itne varför, men jag får lite kopplingar till Rödluvan? har den kapuschong?

  7. Ukjend's avatar
    Torun permalink

    Pass deg for den store, stygge ulven, kjære Raudhette! Han som er så tilgjort i stemmen og har altfor store auger og nase…. Han som seier at du er sterkare enn ein okse og at ulvar aldri har vore farlige!

  8. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ulvar… farlege?

  9. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Men har den kapuschpng? Luva? Huva?

  10. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Kva er kapuscong? Det er ei enkel kåpe i mørkeraud ullfilt, Ganske rett i fasongen utan hette, lett innsvinga- 🙂

  11. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Elles kan eg fortelja at eg har ein raud kappe sydd av gamle kjøkengardin frå Fretex i capefasong med rynketråd i halsen og stor hette. Den har eg når eg er på karneval utkledd som Rødhette med korg over armen og fletter i håret. Kanskje det var den du såg for deg, Tintomara?

  12. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Nå kjem eg att som eit klokare menneske 🙂 Eg har googla ordet kapuschong og funne ut at det er det same som hette på norsk. Kapuschong er eit mykje fiinare ord, skikkeleg shwung over det. Eg trur eg vil begynna å bruka det svenske otdet frå nå av ;-).

  13. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Men jag tycker era norska ord låter så rara! 😉

Legg att svar til Synneva Avbryt svar