Gå til innhald

Oh I`m just a weary pilgrim…

november 14, 2007

…walking in this world of… surprises…
Det er full fart på scenen. Den scenen som rett og slett er livet mitt. Kanskje nokon av dei som les dette har hatt den rare opplevinga av at livet plutseleg liknar på ein sit-com? Eller noko med sterkare strømingar av finsk fjernsynsteater? Men i botnen av alt finst det sterke rolege draget av vemod og kjærleik og liv og estetikk…
Meir presise ord finn eg ikkje akkurat nå.

Ei eg kjenner er i ferd med å leva siste kapittelet i livet sitt, og ho rapporterer om at ho er blitt sikker på at det likevel ikkje er endestasjonen.

Ein onkel av meg er og alvorleg sjuk, og den siste veka har eg site tre gonger ved sjukesenga hans. Den eine gongen var han sjuk i dobbel forstand. Han hadde fått ein infeksjon med høg feber og låg i senga og skalv av frost. Han ville absolutt ha på seg den røde ullkåpa mi fordi han fraus slik og hadde ikkje meir varme klede, tepper eller dyner å ha på seg. Eg tulla kåpa rundt han utanpå dyna, men klarte heldigvis å lura ho vekk frå senga att før han kasta opp over heile dyna si.

Alt dette gjer at det kjem sterkare for meg enn vanleg kva livet eigentleg dreier seg om, og kva som er viktig.
På same tida står eg med begge beina planta i ei verd av sprell levande ungar, varme klemmer, store små konflikter, lått og gråt. Dei et av kreftene mine, men dei gjer meg ei intens kjensle av å vera levande, og eg får mykje energi tilbake.

Om kveldane dansar eg salsa med kjærasten min på stovegolvet, eg gjer i alle fall tapre og oppriktige forsøk på å dansa salsa… Om morgonane tenner eg stearinlys og er på reise i lag med Odyssevs og femteklassingane mine. Eg let meg oppriktig fascinera av greske heltesagn, og elevane mine lyttar med vidopne auger og øyrer. Eg håpar at klokka skal gå verkeleg seint, slik at me får vita korleis det går når Odyssevs skal til underverda for å møta dei døde, før me i anstendighetens namn må ta fatt på desimaltal og avrunding til heile kroner…

Nå i kveld har eg vore på pilgrimskveld og fått undervisning i keltisk spiritulitet og kristendomsforståing. Eg let meg inspirera av dogmet at alle ting heng saman og at livet og alt det som høyrer livet til er heilag. Me såg lysbilete og eg kjende at eg verkeleg lengta tilbake til Iona, pilgrimsøya eg besøkte for fire-fem år sidan, må det vel ha vore. Nokre av lysbileta var der i frå. På øya Mull, frå der me tok fergja over til Iona, kjøpte eg meg fire skrivebøker med glansa omslag i blått, turkis, raudt og lilla. Dei står framleis på skrivebordet mitt , og dei er så fine at eg ikkje har hatt hjarte til å bruka dei til noko. Dei skal liksom brukast til noko som er firdelt og heilskapleg samtidig, hadde eg tenkt…

På veggen over skrivebordet mitt har eg eit postkort med keltisk dekor og ei villgås frå Wild goose community på Iona. Der står det fylgjande:

Holy spirit of God
brooding over Iona`s wild
restless waters;
laughing with the wind`s
fury or gentle touch
rising with the sun
and settling amidst the stars-
Be present here amongst us.

Amen

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Jarfeld permalink

    Dette var det «sjel» i, Heidi!
    Takk for visdomsord og ord til ettertanke! Du har mykje å fara med, og eg som les dette du skriv i kveld, veit óg at livet kan svinga. «Men i botnen av alt, finst det sterke, rolege draget av vemod og kjærleik og liv og estetikk»- og kan hende draumen om fullkomen fred og harmoni, i landet bortanfor. «Like a bridge over troubled water»—

  2. Heidi: permalink

    Akkurat, «Like a brigde over troubled water…»

  3. Synneva permalink

    Du og dei som vil i familien din er med dette inviterte til konsert i friluftshuset på julafta kl 23. Trur det kan bli eit stemningsfylt alternativ til kjøpefesten og den glorete jula butikkane gir oss. Me, dvs. Berit Mæland, Beth Elin Byberg og meg, skal prøva å skapa ei «holy spirit» på vår måte. Litt magi, masse stemning og heilagdom i vidaste forstand. (Men det er snart utseld, så de må i såfall vera raske). Ha ei god helg, venen min! Stor klem

  4. Heidi: permalink

    Det høyrest vidunderleg ut, men skal ha selskapet heime og må tenkja meg om korleis me hadde kunna få det til.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: