Gå til innhald

Om å skriva teater.

november 16, 2007

Eg sit her og prøver å aktivera skaparkreftene i meg maksimalt. Dei eldste dramaelevane våre lengtar veldig etter å koma i gang med stykket dei skal setja opp. Dei vil at det skal handla om ungdomar, og sidan me har bare jenter på den gruppa, må det vera jenter i alle rollane…

Ungdomsteaterstykke er vanskelege å finna. Alle eg las i fjor då me landa på Jeppe på Bjerget, syntest eg var sånn omtrent ubrukelege… Altså blir det å skriva noko sjølv… Eg har lese mange ungsomsbøker dei siste vekene, men finn ikkje så mykje der heller. Jentene foreslår at det skal handla om sjalusi, baktaling, kamp om gutar, og nye klær. Alt det er greitt nok, men eg kjenner at det lett kan bli veldig overflatisk. Eg har ikkje lyst til å utfordra tenåringane til skriva så mykje av stykket sjølv, fordi eg veit at det vanlegvis må veldig mange rundar med bearbeiding til før det blir bra.

Plotet så langt er at det heile foregår i jentegarderoben på ein ungdomsskule. Der kan jenter koma og gå og gøyma seg vekk, og ulike tema kan behandlast. Sjølv vil eg gjerne at det skal berøra litt djupare ting enn det jentene våre har foreslått. Då tenkjer eg på eksistensielle ting som behovet for å bli likt og elska, behovet for noko å tru på, maktesløysa overfor alt som kjennest urettferdig og vanskeleg i verda. Eg veit at mykje av dette sveiv på høggir i meg sjølv då eg var fjorten, men at det er vaskeleg å få det opp til overflata utan at det virkar overpretensiøst og vaksenstyrt.

Eg vil ha noko ein kan le av og gråta over. Noko som vekkjer ettertanke og som både skodespelarar og publikum kan veksa på… Og eg synest det er vanskeleg å legga lista ned…

Og dette skulle eg helst få til i løpet av helga. Nød lærer naken kvinne å spinne, seier ordtaket. Og her sit eg ved tastaturet fullt påkledd med raggsokkar på beina, men open for det meste.

Undulatane våre, William og Pernille kurtiserer kvarandre i det store buret me har lånt av Jan Ivar medan Venus driv jaktøvelsar for å prøva å få tak i dei…

Idear til teaterstykke blir tekne i mot med takk.

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. kanske köra med lite värderingsövningar för att få igång lite djupare diskussioner om olika vinklingar på ämnena de föreslagit? Och kanske fortsätta med rollspel som kan tjäna som underlag i improvisationer de kan bygga vidare på??

  2. Heidi: permalink

    Gode innspel hj. Eg har gjort begge deler, men skulle gjerne hatt endå meir kjøt på beina.

  3. Eva Mari permalink

    Eg var akkurat på DNT og såg «Få meg på for faen…» eit stykke av Olaug Nilsen frå Førde. Veldig bra og eg trur den boka er litt i den sjangeren du tenke på. Det var ei vannvittig bra oppsetjing! Lykke til!

  4. Tintomara permalink

    Astrid Lindgren firas här i landet på många sätt nu. Alla känner och älskar hennes figurer. De levde ju alla i sådana idyller – Junibacken, Bullerbyn, Lönneberga, Saltkråkan… Samtidigt översköljs vi av rapporter om barn som far så illa att man kanppt står ut att läsa om det. Vår nutid är fylld av miljöer där barn verkligen har det eländigt. jag tänker på om man kunde «översätt» någon av henens figurer till nutid. (Man fick förstås inte använda rätt namn, det är nog olagligt.) Hur skulle Pippi ha det idag? I ett höghus i Bagarmossen?

  5. Heidi: permalink

    Eva Mari: Eg har ikkje lese den boka. Eg innbillar meg at ho er litt råare enn det materialet eg er på jakt etter, men kanskje eg burde lesa. Gler meg til å gå i teater med deg neste helg.
    Tintomara: Dei yngste barna våre skal spela eit ekte Lindgrenstykke med idyll og konflikter på plass… Pippi ville vel klart seg uansett? Ho er det ein på norsk kallar eit løvetannbarn. – Eit barn som klarer seg mot alle odds… Men forskninga viser vel at ikkje alle løvetannbarn får det så bra som vaksne. Det som er trist er at ein vond barndom er ei bør ein får bera med seg resten av livet…
    Det er noko av det som kan kjennast tungt med jobben vår synest eg; å vera medansvarleg for at nokon sin barndom ikkje blir slik ein barndom skulle og burde ha vore…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: