Gå til innhald

Mørke morgonar.

november 30, 2007

Eg konstaterer med ei viss undring kor godt eg liker novembermørket. Det brer seg mjukt omkring oss tidleg på ettermiddagen og skjuler ei mengde synder av typen uvaska vindu. Om morgonen er kjøkkenet behageleg mørkt og stearinlyset gjer eit mjukt lys medan kaffien putrar borte på traktaren. I klasseromet les me greske sagn i lys av tende stearinlys medan morgonhimmelen langsomt blir farga med raudt og gull utanfor vinduet.
I går tjuvstarta me på “Julemysteriet” av Jostein Gaarder som me skal starta kvar morgon med i 5B fram til jul.

Dagane mine har fletta seg inn i einannan. Eg har site ved sjukehussenger der nokon er nære ved å døy, og eg har jobba med barneteater. Eg har møtt ein engelsk fotballtrenar til ein lang og intens togsamtale, og eg har vore i Oslo for å jobba med liturgi.

Eg fekk med meg ei vakker teateroppsetning medan eg var i Oslo, og på lørdagen var det julemarknad på Steinerskulen i lag med svigermor og Eva Mari. Eg kjøpte sveitsiske julekaker med trykk av den heilage familien, adventkalender med urtete og visdomsord for kvar dag, økologisk grovbrød og ein stor pose brukte bøker.

Ironien rundt det siste innkjøpet var at kjærasten min i det nøyaktig same tidsromet stod her heime og rydda i bokhyllene våre for å senda ein del av innhaldet til Fretex… Men prinsippet ynskjer eg forsåvidt velkomen. Bruk og gjenbruk er flott, gje vidare det du ikkje brukar til nokon som har bruk for det…

På veg tilbake frå hovudstaden hadde eg den litt spesielle opplevinga å vakna med spysjuke den dagen eg skulle bruka til å reisa heim med tog. Eg kom meg heim… Og det heile føyer seg inn i rekkja av opplevingar som ein gong burde kunna brukast i ei novelle eller ein roman…

Eg har med sorg sagt opp Halvard sine pianotimar. Eg ville så gjerne at han skulle halda fram, for eg høyrer at han kan bli flink, men han har vore så lite motivert i haust at det blir feil både å pressa han til det og til å behalda plassen. Han fekk elektrisk gitar til tretten-års-dagen, og nå er det gitaren som teller. I dag vakna eg klokka halv sju til song og gitarmusikk frå romet og tenkte at det er sikkert rett vurdert å la pianoet kvila ei stund.

Nå går eg inn i ei roleg helg med begynnande advent og rydding i heimen. I kveld skal eg på teater inne i byen med Ingrid og Oddvar. Det blir fint.

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Godt å lesa om dagane dine! Eg gler meg til desember-og held på med innspurten i Harry Porter-lesing på engelsk til Maren. I morgon får eg skaffa den norske utgåva til henne. Fasinerande følelse å verta hekta på bøker….. Gler meg til førestillinga i kulrturhuset sun 9.12.Hadde vore kjekt å sett stykket saman med deg…

  2. Torhild permalink

    Hehe….sjølvsagt er det hr. POTTER det er tale om….

  3. Heidi: permalink

    Toril TMK har billett til meg. Kan me ikkje få til å sitja saman. Det hadde vore kjekt!

  4. May Brit permalink

    kulturhuset? hva skjer a? lke snerten av alt som har med kultur å gjøre…

  5. Heidi: permalink

    May Brit:
    Stykket eg har laga til Sandnes Kulturskule skal visast. 🙂

  6. May Brit permalink

    oj så spennendes – jeg er i oslo – hvis ikke ville jeg gjort alt for å få være med og se

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: