Gå til innhald

Nasjonalgalleriet ein sundag føremiddag

februar 4, 2008

er ikkje det dummaste staden ein kan vera. Eg sveiv rundt heilt aleine. Det er sikkert tjue år sidan sist. Eg kjenner at eg ser på bileta med litt andre auge nå enn då. Eg har av ein eller annan grunn blitt veldig opphengd i kor gamle kvinnene på maleria kan vera….

Eg prøver å lesa inn kva erfaringar dei ber på, kva slags kvardagsliv dei ber med seg og kva erfaringar som er meisla inn i andletstrekka… Dette veit eg at eg ikkje tenkte på på same måten då eg var tjueto år og kunsthistoriestudent og vandra der for aller første gongen.

Ein annan ting eg alltid finn interessant på kunstutstillingar er å bruka øyrene og smuglytta til folk sine samtalar om bileta. Eg lytta til pappaen som var der med eit barn og tydelegvis visste mykje om både kunst og historie. Så lytta eg til pappaen med to små barn som tydelegvis ikkje visste så mykje, men som undra seg saman med barna. I trappa heng det eit stort bilete av ein naken mann og ei naken dame: Utdrivinga frå Paradiset.

– Hvem er det pappa? – Skal vi se, det er Adam og Eva. Det er de aller første
menneskene på jorda. – Det tror jeg ingenting på!

Så lytta eg til kunstudentar som studerte linje- og fargebruk, til mannen i elegant frakk som viste ein besøkjande rundt, og til venninnegrupper på min eigen alder. Eg snakkar ikkje om pågåande openlys smuglytting, men rett og slett dette å stå ved eit maleri og sjå og høyra kva folk rundt meg seier, sånn heilt tilfeldig liksom… Det kan anbefalast som like spennande som å henga på ein autorisert guide…

Då eg for tjuefire år sidan flytta til Oslo, gjekk det opp for meg at eg var i ein storby der folk ikkje småprata med einannan, slik eg var van med å gjera det både frå heimstaden min og frå andre stader eg hadde budd. Ein gong stod eg på busshaldeplassen i lag med ei eldre dame, og slik det ville vore venleg og høfleg heime på Sørvestlandet innviterte eg til småprat:

– Han er viss forsinka i dag bussen, men det får me vel
tola så lenge det ikkje regnar…

Eg smiler venleg til dama som snur seg forbausa til meg med fylgjande kommentar:

– Unskyld, men kjenner jeg Dem?

I går opplevde eg noko liknande. Eg stod i køen på museumet for å betala nokre kunstkort. Den eldre dama framfor meg lurte på kvifor kafeteriaen var stengd, ho brukte alltid å drikka kaffi der, og i dag var det stengd. Ho som ekspederte sa at det var stengd på grunn av eit privat arrangement. “Ja, jeg er ikke buden!” sa dama. “Ikkje eg heller,” glapp det ut av meg. Det var meint som ein humoristisk støttekommentar, men dama såg heilt forfjamsa ut… Og eg vart veldig lattermild av at ho reagerte som ho gjorde.

Togreisa heim ut på ettermiddag vart ein lat behageleg sundagsettermiddag i lag med kjærasten min. Eg drakk varm te og varm kaffi og kald lettbrus, kikka ut vinduet og las “Tusen strålende soler,” av den same forfattaren som skreiv “Drageløperen”. Det er ikkje ofte ein kan ta seg tid til å lesa ut ei bok i eit strekk, så takk til NSB.

Det eg les om tilhøva i Afganistan er opprørande. Eg stilde meg sjølv same spørsmålet som ein av elevane mine kom med i sist veke i samband med at me snakka om at i mange land er det framleis lov å slå barn. Den kloke tiåringen såg meg rakt inn i auga og sa: “Men når dokke vaksne veit at det er slik så så synest eg dokke har plikt til å prøva å gjera noko med det.” Han har sjølvsagt heilt rett…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    O, så härligt och lyxigt att ströva runt på ett museeum så där! Det har jag itne gjort på den dag jag minns… måste försöka göra det snart!
    Den långa tågresan låter nästan lika härlig den. men det får jag prova i april, då ska jag åka tåg till Umeå. Bäst ta med en tjock bok!

  2. Heidi: permalink

    Ja, bøker og tog er fullkomen kombinasjon. Ingen forlanger noko meir av deg enn at du er der.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: