Gå til innhald

Ute er det sommar,

mai 26, 2008

og inne er det kveld. Me har lagd timeplan for neste år, og det har gått overraskande fort og greitt. Men me får ein heil del mindre ressurser enn me har i år, og eg er veldig spent på korleis det kjem til å kjennast. To kveldar kvar vår er sett av til timeplanarbeid, og nokre år har me slite noko forferdeleg med å få kabalen til å gå opp. Det er mest litt mistenkeleg at det gjekk så greitt i dag.

Halvard har fått sin første dyre hårklipp hos frisør. Til nå har me ordna det billig. Han vart ganske stilig.

I morgon skal me på tur med 5., 6. og 7.-klasse. Vermeldingane er strålande. Før me reiser skal eg ha eit møte, så eg må vera klar før klokka åtte om morgonen.
Nå må eg ned og rydda litt før eg tek kvelden.

To av ungane mine er midt oppi eksamen akkurat i desse dagane. Eg er nervøs på deira vegne, blir lei meg når det går dårleg og glad når det går bra. Og eg fortel dei at det er ein bagatell i den store samanhangen om dei er uheldige med oppgåva og gjer det dårlegare enn dei hadde trudd… For det er det jo…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Så skönt att ha schemat klart redan! På den här skolan får man vara glad om det är klart när terminen börjar i augusti…
    *fnyser surt*
    Det går säkert bra för ungdomarna dina, jag håller tummarna!

  2. Heidi: permalink

    Ja, deilig å koma i mål. Eldsteguten min var dessverre skikkeleg misfornøgd etter at han hadde vore inne. Han følte at han for ein gongs skuld var veldig godt førebudd, og så kom han opp i det einaste han ikkje var heilt sikker på. Men sensuren fell i morgon. Kanskje det går betre enn han trur…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: