Gå til innhald

X-faktoren.

mai 29, 2008

Ein stor X var det me skulle laga i sanden. Eigentleg var det ein G, men nokon hadde funne ut at inskripsjonen som skulle lysa mot dei luft-farande skulle vera skriven med runeskrift, og då vart G-en til ein X.

Så stod me der, barbeinte i sanden med hundre ungar på eit avsperra område, med storhavet brytande mot stranda, vinden i ansiktet og store skip i horisonten. Me stod der med spader og hakker og hundre elevar og skulle laga kunst.

Logistikken i det heile var imponerande. Alle bussane i området gjekk skytteltrafikk for å frakta ungar til og frå stranda. Det var vakter overalt, store informasjonstavler, ambulansar og politibilar.
Ein av ungane spurde forskrekka kvifor sjukebilane var der, og eg
svarte at det var i tilfelle ein av lærarane fekk hjarteinfarkt eller noko liknande…

Elevane hadde fått namneband med mobilnummeret til læraren deira, og telefonnummeret til skulen dei høyrde til. Transportable toalett var oppsette, og områda var avgrensa og nummererte.

Me hadde innprenta elevane våre at elevar som ikkje haldt seg til læraren og var på rett plass når bussane skulle tilbake, ville bli “attgløymde” på stranda, og tekne hand om av eigne patruljar. Vidare var me instruerte i å fortelja dei at ungar som ikkje fulgte reglane ,ville bli tekne hand om av vakter, som ringde foreldra deira og forlangde dei henta heim.

Dei gjekk frå bussane i lange rekkjer, berande på kvart sitt store keramikkrelieff, som skulle monterast i sandskulpturane.

Utfordrande vart det, og fint og fredeleg på same tida. Hundre ungar på eit lite område, litt udefinerte arbeidsoppgåver og litt for få reiskapar, førde til at ein del småkonfliktar oppstod, men ikkje verre enn dei ein tek på rein rutine. Ingen av ungane falt for freistinga å bada, noko som var strengt forbode. For å avverga forsøk på bading, patruljerte det vakter langs strandkanten. Nokre av ungane hadde problem med å la vera å klatra på instalasjonen vår, og ein av dei tok gjentekne gonger baklengs salto ned frå den to meter høge vollen. Ikkje alltid lett å vita om ein skal bli sint eller imponert…

Dei ti vaksne på området fekk ei utfordring i å samordna kunnskapar og dugleik til å laga ein vakker X dekorert med keramikkrelieff. Ingen av oss visste heilt korleis, men dei fleste av oss hadde visse forestillingar om korleis sluttresultatet helst skulle sjå ut. Så skulle me koma til innbyrdes semje, og i tillegg setja elevane i arbeid. Eg kjende meg i bokstaveleg forstand tilbake i sandkassa, men det fine var at kjensla av leik dukka opp etterkvart. Då me kunne dekorera toppen av X-en vår med store bjørkegreiner og faklar, og me kunne raka fint rundt han, var me strålande fornøgde med vår eigen innsats…

Så viss nokon flyg over strendene sør-vest i Norge dei komande to døgna, så hugs å tolka runeskrifta i sanden.
Legg spesielt merke til X-en. Den har eg vore med på å laga!

Ettermiddagen har eg brukt til å organisera forestillingane i neste veke, diskutera eksamensoppgåva Odd Christian skal leggja fram på tysdag om fleirkulturell skule kontra einskapsskulen, og til å eta jordbær og drikka kaffi med Laila.

Nå høyrer eg kjærasten min koma heim frå kurshaldarverksemd på Sunnmøre.

Fred og solskin.
Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Vilken upplevelse!

  2. Heidi: permalink

    Ja, så sanneleg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: