Gå til innhald

Nå har eg vore flink…

juni 24, 2008

Under sterkt påtrykk frå min kjære i nokre av sakene har eg fått ordna ein del praktiske ting som har lege tungt på meg at eg måtte få gjort:

Lese korrektur og skrive forlagsavtale på salmene til salmeboka.
Laga rekning på arbeidet eg har gjort for kyrkjerådet
(Er i ferd med å fullføra ho akkurat nå.)
Kjøpt resten av materialet til Sunniva si bunad og bestilt tid til montering.
Kontakta banken min for å få nytt bankkort,
-magnetstripa virkar ikkje alltid.

Var det ikkje endå meir?
Det kjendest som om det var uendeleg mykje…
Sjølvstendig næringsdrivande skal eg aldri bli, trur eg…
Det er merkeleg korleis slikt papirarbeid og organiseringsarbeid kan bli liggjande og gnaga i det uendelege før ein til slutt får gjort det…

I dag var det glimt av sol sjølv om vinden er kald. Fekk til og med lagt meg ned i sola ein halvtimes tid med ei bok:
“Til jeg finner deg av John Irving”. Då me slutta skulen gav Thorbjørg meg to pakkar fersk gjær frå skulekjøkkenet som ikkje kunne ligga over sommaren. Det gav meg eit greitt påskot til å baka i dag. Dobbel porsjon kanelrullar. Dei vart fine. Ingen sak å få omsetning på ferskt bakverk med så mange ungdomar i huset.

Eg har ei slags forestilling om at det er triveleg å vera i hus der det luktar nybakte bollar og der det er duk og prestekragar i vase på trebordet på kjøkkenet. Ingrid spurte meg om det var ein slik “Perfect-house-wife-day”…
Kanskje det var eit slags forsøk…

Nå gjenstår det bare å signera rekninga eg skal senda ut.
“Min hatt, min frakk, mine sykkelspænder, det er nu eller aldrig…”

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Jarfeld permalink

    Ja, du har vore flink, Heidi! Det veit me som er inne og les dei velsigna bloggane dine og kan nyta ordkunsten din. Det finst vel knapt «din like». Kvitterer med ord som kom til meg midtsommaraftan: -Trø på min venn, om titt det røyner på. Lyft blikket opp mot himmelfang, finn målet undervegs. Gi aldri opp å koma fram, lytt gjerne til den lune låt frå mark og eng og vatn. Eit måkeskrik, ei tirilltung´, eit bølgjeslag mot sand og strå, ein himmel grå, snart vert han blå av vindens ryddemakt. Frå hav og hei eit jubelrop, ein ringast inn av tonefall frå foss og li, frå fuglens flukt, frå busk og tare, tang. Høyr fløytespel frå naken strand, grip augeblink av ljosmagi og bli til den du er– Ha ein god sommar, Heidi- og me som smugles, høyrer gjerne frå deg, om du har stunder til det! -:)

  2. Heidi: permalink

    Så vakkert, Jarfeld. Ha ein veldig god sommar du og!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: