Gå til innhald

Med kurs mot Finklasmauet.

juni 25, 2008

I dag har eg hatt ein deilig bydag heilt etter mitt eige hjarte. I føremiddag tok eg og Astrid toget inn til byen for å møta Torun, som er heime på sommarferie. På toget møtte eg ein lokal pater som såg ut til å gle seg slik over livet at eg fekk lyst til å ta kontakt med han. Men motet strakk ikkje til, eg hadde ingen gode påskot…

På torget selde dei jordbær og moreller, tomater og eit hav av fine blomar som kunne ha gjort seg godt i hagen min. Men me var ikkje i byen for å handla, me var i byen for å snakka og for å nyta fridagen, for å eta god mat og for å driva rundt og gjera ingenting.

Utanfor butikken “Bøker og børst” sette med oss ned på ein veggfast benk. Dette er staden der ein kan kjøpa ulike typar kaffi, gamle bøker og forskjellige variantar av alkoholhaldig drikke. Me kjøpte oss kvar vår cappuccino og sette oss tilbake med ryggen mot det knalloransje- eller var det skarpt lilla huset for å nyta solstreifa.

Ein journalist med tilhøyrande fotograf frekventerte gata, og laga tydelegvis ein reportasje til ei avis eller eit magasin. Me blei snikfotograferte der me sat, så om du i eit glansa magasin eller ei lokalavis ser tre litt småtrøytte damer i førtiårsalderen utanfor “Bøker og børst,” innepakka i oransje og sjokkrosa ullteppe mot junikulda med kvar sin store kaffikopp i hendene, så kan det rett og slett vera oss du ser…

Frå utkikkspunktet vårt hadde me utsikt mot det som i fylgje gateskiltet heitte Finklasmauet. Det er mogleg me er litt miljøskadde av lærergjerning og denslags, for me vikla oss inn i ein diskusjon om kva dette gatenamnet kunne bety. Smau sa seg sjølv, men Finkla? Å finkla? Ein finkel? Hr Finkel? Det slo oss at det vel kanskje var eit eller anna lokalt uttrykk, men då burde me vel visst det? Eg får vel ikkje heilt fred i sjela før eg finn det ut, og tek gjerne i mot tips. Me vandra til og med langsamt gjennom det tronge smuget for å sjå om me vart klokare, men det gjorde me ikkje…

Tvers over for “Bøker og børst” låg etablissementet “Sjokoladepiken”. Her hadde dei sjokolade i alle former og fasongar, og me måtte bare inn for å sjå og snusa litt. Det viste seg at journalistteamet var der inne. Dei var i ferd med å intervjua ein smilande ung mann med skjegg, som moglegens kunne vera eigaren av staden. Eg kunne ikkje hjelpa for at øyrene vibrerte så pass at eg kom til å få med meg deler av intervuet:

“Ein gong stod det ein stor sjokoladenisse inne i denne butikken. Han var faktisk minst ein halvmeter høg…
Idéen vår er å kombinera gamle lokale tradisjonar med vår eigen galskap… Me har altså den teorien at viss noko er godt så er det godt. Blåmugg- ost er godt, og sjokolade er godt. Då vågar me å kombinera to gode ting, me lagar sjokolade med bitar av blåmugg-ost inni. Det er nokon som ikkje heilt har sansen for slikt…”

Det kan henda at eg lot meg inspirera, for då me ein halvtime seinare var klar for lunsj på “Ostehuset” bestilte eg salat med blåskimmelost og marinerte valnøter. Det smakte vidunderleg meg mørkt rugbrød til. Og eg fekk ei stor skål med glovarm te til, for å få tilbake varmen i kroppen. Me fekk servert varm drikke i skål i staden for i kopp eller krus fleire stadar i dag, så me forstår at det er den hottaste serveringsmåten akkurat nå…

Etter at eg hadde kjøpt meg nye sko og tre sjokkrosa puter til hagebenken på halv pris fann me oss sjølve tilbake på sjokoladebutikken som var kombinert butikk og kafeteria. Snart sat me ute under varmelampen med kaffi og litt av utvalget på ein asjett. Eg har høyrt at pub til pub rundar kan vera det store. Vår variant er kafè til kafé rundar…

Innkjøpa mine blir i mitt eige hovud spegla i mine eigne ord om moderasjon eit samfunn fylt av kjøpepress og kjøpegalskap. Eg skal ikkje prøva å rettferdiggjera at eg verkeleg trong dei nye dyre skorne, men eg vurderte sterkt å ta ein Tintomara og kjøpa svarte skor i staden for limegrøne. Dei vart grøne denne gongen. Same farge og same dessign som eg gjekk i filler i fjor, eller var det i forfjor, mon tru?

Ei venninne av meg har nettopp inngått ein avtale med ei av sine venninner om å ikkje kjøpa eit einaste klesplagg til seg sjølv dei komande seks månadane… Det er eit prosjekt det står respekt av. Då eg vart spurd om eg ville vera med vart eg plutseleg litt unnvikande… Ein veit jo aldri heilt kva ein absolutt kan koma til å trenga. Men eg skal heia på frå sidelinja og kanskje la meg inspirera sånn etterkvart…

Etter meir enn seks herlege timar med totalt nedstressande bytur, vart eg plukka opp av nokon som ville ha meg med ut og dansa. Så vart det rett og slett litt trim på meg i dag og sånn etterkvart.

Men heile dagen har eg lurt på korleis blåskimmelost innebakt i sjokolade eigentleg smakar… Eg går ut frå at sjokoladen må vera mørk og kanskje litt bitter eller ørlite salt… Eg er ikkje heilt overbevist over om eg ville la meg begeistra.

Og dersom pateren mot formodning skulle lesa dette: Kanskje eg slår av ein prat neste gong? Du ser så triveleg ut…

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Heidi. permalink

    Nå må eg bare oppdatera alle språkinteresserte om at eg har søkt på språkrådet si side og funne ut at finkel er ei sideform at ordet fenikkel, altså ein grønsak. Kanskje det vart dyrka eller seld feniklar i Finkelsmauet? Eller kanskje ordet kjem av noko heilt anna…

  2. Heidi: permalink

    Fennikkel er rette stavemåten. Eg såg då eg trykte på knappen at eit eller anna var gale…

  3. Torun permalink

    Fekk så lyst til å supplera litt om finkel eller fennikel, for det er vel ikkje usannsynleg at dei dyrka denne planta i Finkelsmauet, trur eg. Ei meterhøg plante av skjermplantefamilien med blågrøne, fint oppdelte blad og store skjermar med gule blomar. Planten er sterkt aromatisk. Fennikelolje brukast i medisin og som smaksstoff i likørar. Unge skudd og blad kan brukast som grønnsak. Vart dyrka allereie i oldtida….

  4. Heidi: permalink

    Ein gong i historien drakk eg store mengder fennikelte kjøpt på helsekostbutikk fordi eg hadde høyrt det skulle vera bra for mjølkeproduksjonen, og Odd Christian var svolten støtt, må ha vore seint på året i 1986. Hugsar framleis smaken. Lakrisaktig og litt emmen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: