Gå til innhald

Omkring St. Hans- kvelden

juni 24, 2008

låg det i oppveksten eit magisk lys. I lange tider samla me ungane inn skrap og rot til bålet. Det gjaldt å få det høgast mogleg. Bålet stod oppe på ein fjellknaus, ikkje langt frå der me budde. Utpå kvelden samla heile nabolaget seg rundt bålet. Det hende det måtte ein del bensin til for å få fyr på det, det kom an på kor mykje det regna.

Nokre gonger hadde me fått store mengder gamle bildekk til bålet, då brann det ekstra godt, og me stod der og hosta om kapp i den svarte røyken. Så spidda me pølser på lange pinnar, for dette var før nokon av oss hadde sett ein grill. Me haldt dei inni flammane til dei var kolsvarte og knaste mellom tennene. St. Hans-kvelden var den kvelden me fekk eta så mange pølser me ville, og framleis hadde ingen ennå fått idéen å laga tynne grillpølser, Kanskje logisk nok sidan ingen som sagt hadde sett ein grill endå. Bare Gro Ingeborg og broren hadde pølser som var innepakka i folie. På den måten vart ein ikkje skiten på hendene eller kleda av å eta dei,.
Mor deira likte at ting var reine og heile.

Brus fekk me og, gjerne med eit spikarhol i korken slik at han skulle vara ekstralenge. Og etter at me hadde ete pølsene vanka det gjerne ein sjokoladekjeks eller to. Viss mor ikkje hadde, var det alltid nokre andre vaksne som spanderte. Sjokoringar og Sjoko-Marie gjorde same nytten. Omtrent på denne tida ville Ivar Murvold pakka ut trekkspelet sitt, og så begynte folk å synga. Det aller mest fascinerande med St.Hans kvelden var at det aldri vart heilt mørkt. Denne natta fekk me vera oppe så lenge me ville, og for å utnytta dei lause tøylane burde klokka godt og vel bli midnatt før me fann sengene våre. Ved midnatt var det framleis liv i St. Hans- bålet, og viss det var av det ekstra store og staselege slaget ulma det ennå neste morgon då me vakna.

I dei første minna eg har om St- Hans hadde morfar ei viktig rolle. Det var mens eg endå budde i lag med besteforeldra mine, noko eg gjorde til eg var fem og eit halvt år. Morfar brukte ikkje ordet St.Hans. For han hette dagen Jønsokaftå. Han sa at det var einannan dag som heitte Larsok, men kva Larsok innebar vart eg aldri heilt klok på. Morfar si Jønsokfeiring foregjekk på dagtid, kanske fordi bestemor nok hadde tankar om at det var bra for barn å leggja seg om kvelden. På Jønsok tok morfar meg og bror min ned i den minimale potetåkeren han hadde, eller eplestykket som det heitte på dialekten vår. Der hadde han brus på lur. Når noko var på lur betydde det at han hadde gøymt det for oss, og at me måtte finna det før me fekk det.

St. Hans har nok aldri vore heilt det same for ungane våre som det var for oss som vaks opp på seksti- og syttitalet. Kanskje ein av grunnane er at brannforskriftene tilseier at det ikkje blir noko skikkeleg bål i eit område der husa ligg tett i tett. I dag hadde nokon i gata teke initiativ til felles grillfest klokka halv seks, men på grunn av veret begrensa det seg til at dei som hadde små barn grilla pølser i ein garasje.

Ingrid og eg gjekk tur i føremiddag. Det regna ganske heftig mesteparten av tida, og me oppdaga at dei første tusen småfroskane denne sesongen var ute og spratt, så me måtte passa oss for kor me sette føtene. Grønfargane ute er på det aller vakraste i slikt lys, og på vatnet såg me andungar som såg ut til å vera ute på sin første symjetur aleine utan tilsyn frå vaksne ender. Ingrid hadde med fotoapparatet sitt, og me tok masse bilete av kvarandre og av oss to i saman, for lyset var så fint og mjukt. Ingrid spurde om eg ikkje syntest det var rart at ho skulle flytta snart, og eg svarte at det var veldig rart.

Då me kom heim hadde eg fått slik frost i meg at eg trudde ikkje eg skulle få varmen i meg att. Eg måtte henta varm jakke og setja på den elektriske omnen på høg varme. Tanken på grilling og uteliv i anledning dagen vart heilt skrinlagd.

Men då kvelden kom kjende eg ei uro over å la St.Hans passera utan antydning til feiring. Eg lokka med meg Ingrid og kjørte tur langs strendene for å sjå på bål. Veret klarna opp, og sola skein på regnvåte åkrar og steingardar. Etter røyken å dømma er det framleis populært med bildekk på St.Hans-bål. På veg heim stoppa me og kjøpte med oss maiskolber til grilling og ein pakke hamburgarar. Pølser hadde me i fryseboksen. Og så vart det grillfest likevel. Ein slags grillfest i alle fall. Me opna døra og haldt oss innandørs. Utover seinkvelden sat eg i sofaen saman med Halvard og Sunniva og såg film under Halvard si dyne. Og eg hugsa plutseleg at minnet om St.Hans- aften i tillegg til alt anna, er minnet om å frysa så ein hakkar tenner med eller utan regnklede og paraplyar. Minnet om å stå tett tett inntil bålet med auga som rann av røyken og prøva å halda varmen i ein time til.

Og nå kan eg seia som ein eller annan vaksen alltid følte seg kalla til å seia sånn litt utpå natta:
Ja, ja… Nå he solå snutt…

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. RaTo permalink

    Takk, Heidi, for at du blåste liv i mine slumrande minne om St. Hans feiring på «Granden». Ingen av oss som opplevde dette på 60-70-talet kan vel gløyma svarte pølser og spikerhol i bruskorken!? Der me feira var det eit støypt firkanta dekke som nokon hadde malt symjebassengturkis! Det var lekkert midt i skogen ? snakkar om å stå ut som ein sår tommel! ;o) Det var rester frå symjebassenget, så klart, som var for godt til å kastas. Der gjekk dansen til trekkspel i den lyse sommarnatta, og gjett om det var spennande for ein 12-13 åring då! God sommar, min ven!

  2. Heidi: permalink

    Takk til deg og, Randi Tone. Nå har eg muntre bilete på netthinna om dansande menneske ute i skogen på ein symjebassengfarga botn den lysaste natta i året. 🙂

  3. Eva Mari permalink

    Takk for det,Heidi. på sunnmøre var alle i fjørå og brann bål. Vi fekk Mariekjeks (utan sjokolade) og Solo i glasflasker med høl i korken. I år åt vi reker og drakk Farris heime i stova på Haslum.

  4. Heidi: permalink

    Det ser ut som om hol i korken var ein klassikar landet rundt på den tida.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: