Gå til innhald

Livet i juni.

juni 27, 2008

Livet er i ferd med å finna kvilepulsen. Eg vart vekt klokka halv elleve av Ingrid som lurte på om eg visste kva klokka var, og om eg hadde gløymt at me skulle få besøk klokka halv tolv…

Å sova til halv elleve er noko eg normalt aldri gjer, same kor seint eg kjem meg i seng. Eg tek det som eit tikn på at eg er i ferd med å henta meg inn. Raskt var eg på føtene for å førebu eit aldri så lite gjestebud. Eg fekk send kjærasten min på handel, for det var heller tomt i kjøleskapet. Så gjekk eg og Ingrid laus på matlaginga.
Ganske raskt ringde gjestene og sa at dei dessverre var forsinka, og eg forsikra dei om at det gjorde då ingenting, her huset hadde me dagen for oss…

Frå butikken fekk me velfylde posar, og eg skjøna at dette skulle bli flotte greier. Kvitløksmarinerte scampi, skinke, ost, paprika, salat, rundstykke, druer, nektariner og moreller.
Ingrid tilbaud seg å laga vafler og eggerøre. Eg ville gjerne gje gode råd, men ho betakka seg og påstod at ho var i stand til å laga vafler aleine då ho var fem år. Det er sikkert sant. Då eg likevel hadde mine meiningar om råvarene fekk ho yngstebror sin til å vera samd i at ho laga langt betre mat enn mor si… Eg mumla noko om at ho hadde sine nisjer medan eg var meir allsidig… Dessverre fekk eg lite støtte frå resten av familien…

Då gjestene kom hadde dei med seg fire store korger solmogne jordbær frå Fister. Så hadde me eit ekte herre- og frue- måltid for gamle venner som ser einannan alt for sjeldan, og eit utval av tenåringsbarna deira. Eg liker dekka bord med mange rundt og det å ha god tid.

Så har eg kome i gang med broderinga. Eg ser at det er meir enn nok å gjera. I dag har eg brodert bunad i minst fire timar, og såpass bør det nok vera dei dagane eg er heime dersom eg skal koma trygt i mål. To turar ute i naturen har eg og klart å få tid til. Nå regnar det att der ute.

Heidi

From → Uncategorized

9 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Vet du, när min lillasyster skulle gifta sig ville hon vigas i en broderad brudklänning från Röros, hon hade sett en sådan i ett skyltfönster på hemslöjden tror jag. Den var äggskalsfärgad med blommor broderade över hela. Den sydde min mamma, samt Sverigedräkt till brudgummen och min far och brudgummens bror – det är bara västen som broderas på den, men ändå! Och bråttom var det för hon var gravid! Jag tror inte hon sov alls förrän efter bröllopet! Hon har vävt, sytt och broderat folkdräkter till oss alla, fast då har det inte varit tidspress!
    Ni har väldigt vackra folkdräkter i Norge! Kan du int lägga ut en bild? Eller be din man göra det?

  2. Heidi: permalink

    Nå blir eg imponert, Tintomara. For ei driftig syster du har. Eg skal prøva å fiksa eit bilete, men det kan henda eg trng hjelp, ja…

  3. Eva Mari permalink

    Eg sov også til halv elleve…Herligt. Dro deretter på handel og kjøpte undertøy. Akkurat det mest kjekke eg gjer. kvifor blir ein ekstra feit i andre sine speglar? avslørande lys var det også inne i den minimale boksen med forheng. Nei. No har eg funne noko som passer, så då er det berre å kjøpe meir av same sorten utan å måtte gå inn i eit lite avlukke.

  4. Heidi: permalink

    Alle desse ubarmhjertige speglane. Kva glede har ein eigentleg av dei i det heile tatt. Kanskje du har prøvd ut nok for oss begge… Håpar eg ser deg snart, Eva Mari.

  5. Heidi: permalink

    Må ein verkeleg trykka på alt det der for å få opp biletet? Viss nokon orkar så er det Ingrid til venstre i lag med kusinene Borghild og Elisa. Eg lagar den same drakta til Sunniva som Ingrid og Borghild har på seg. Du ser langt frå heile. Det er masse broderier nede på skjørtet med rognebær, lyng, sand, skjell med perler i og jonsokblomar. Skal prøva å få lagt ut eit betre bilete ein dag, kanskje eit av Sunniva i ferdig drakt?

  6. Tintomara permalink

    Tack Leif! Så fina töser! Vore roligt att se fler dräktbilder med alla broderierna!

  7. Tintomara permalink

    Och Heidi, du vet väl att man bara markerar och kopierar allt det där och klistrar in i länkfönstret överst? Lätt som en plätt!

  8. Heidi: permalink

    Nå lærte eg noko nytt. Før har eg trykt inn ein og ein tast i slike linkar… Seier litt om meg og teknikken…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: