Gå til innhald

Kan det vera fredag alt?

juni 27, 2008

Kjærasten min insisterte på at det var torsdag, men det viste seg dessverre at det var eg som hadde rett. Det er fredag i dag…

Ikkje det at eg har noko i mot fredagar, snarare tvert i mot, men kor i all verda har den første ferieveka blitt av. Eg meinar å hugsa at før i livet var sommardagane uendeleg lange, nå bare forsvinn dei mellom fingrane våre…

Ja, ja, ikkje heilt då kanskje… Denne dagen bevega termometeret seg såpass oppover at det vart nokonlunde sommartemperatur på verandaen min slik at eg kunne sola meg medan eg broderte raunbær og stjerner på bunaden. Det går framover med arbeidet, eg har rett og slett problem med å riva meg laus når eg først er i gang.

Og i dag har eg vore innom skulen for å fullføra oppteljinga av bøker. Så nå er pulten min rydda og ei oppdatert adresseliste over elevane mine ligg i innerlomma på veska slik at eg kan senda postkort til dei frå Spania. Som alltid så tok det mykje lenger tid enn eg trudde. Det hyggelege namnet på slike som meg er tidsoptimistar. Men litt av det skuldast jo at eg fell for freistinga til å ta lunsjpause med rektor, sosiallærar og kontordame, sjølv om eg eigentleg kom rett frå frokosten. Den eine fiksa kaffi, den andre kom med sjokolade og den tredje med ei korg med mogne søte jordbær.

I dag medan eg sat der og broderte kom eg på at eg ikkje ville gå tur i dag, eg ville sykla. Eg kjende bare for meg kor herleg det skulle bli å sykla ned lange utforbakkar med vind i håret og sol i ansiktet.

Eg har ikkje brukt sykkelen på snart eit år. Først var han punktert, og så fuska gearet, og alle som kjenner oss veit at slike reperasjonar av ein eller annan grunn ikkje blir liggjande øverst på prioriteringslista. Då gearet var fiksa hoppa kjettingen av, og då endeleg alt skulle vera i orden lånte ein av ungane sykkelen min og mista nøkkelen…

Endeleg etter eit halvt år utan sykkelnøkkelen som aldri dukka opp, har eg fått fiksa det… Og så skulle alt vera i orden…

Eg trur at eg har ny sykkel, han er bare sju år gammal, men han har stått fuktig og er ganske rusta. Då eg sette meg oppå og begynte å sykla, høyrdest ein lyd som best kan samanliknast med den lyden me fekk då me som barn festa spiler av mjølekartongar med klesklyper til sykkelen slik at det skulle høyrast ut som om me hadde motor på sykkelen…

I beste fall kunne litt olje i kjettingen ha hjulpe, men kven har oljekanner ståande, ikkje eg i alle fall. Eg satsa på at det kanskje ville gå seg til litt etterkvart… To oppstæsja damer på veg til byen snudde seg forundra for å sjå kor lyden kom i frå… Då eg vart passert av ein gjeng mannfolk med signalgule vestar og sykkelbukser måtte eg ta meg i saman for ikkje å le høgt. I eit sjølvironisk glimt såg eg kva tankar som måtte fara gjennom hovuda deira… Det var bare å innsjå. Min fine nye sykkel av Classic dessign var forandra til ein gammal skranglekjerre… Det var i alle fall det me kalte slike syklar då eg var barn…

Men skulle eg på tur så skulle eg på tur. Det fine med staden eg bur er at etter tre minutt på sykkel så er me i sentrum av småbyen min, og etter fem minutt på sykkel i motsett retning så er me langt ute på landet. Sykling er fine greier om ein ser bort frå kvaliteten på det inneverande kjøreturane.

I lange nedoverbakkar kunne eg rett og slett la vera å trø og dermed sleppa den sjenerande lyden… Då fekk eg til og med sol i ansiktet og vind i håret og kunne nyta synet av lam, beitande kyr, markblomar i brisen og grøne enger.

Viss eg bare kan få pussa av litt rust, retta opp den skeive korga på styret og olja kjettingen, så kan det tenkjast at sykkelen min er heilt brukbar… Oddvar?…
I tillegg vil eg ha hjelp til å justera opp styret dersom det ikkje har rusta heilt fast…

Nå har eg nemleg vore i internasjonale storbyar som København og Amsterdam og sett at der syklar folk rundt på gammeldagse damesyklar med store hjul med ballongdekk og korg på styret. Det beste av alt er at dei syklar med rett rygg. Dermed har eg avslørt det norske kjekkaseriet at ein skal liggja flatt framover med flat rygg over bukkestyret sjølv om ein bare skal til næraste kjøpmann og kjøpa eit kneippbrød som noko misforstått og provinsielt… Som nokon skjønar har eg aldri heilt fått til det der med å liggja flatt og aerodynamisk… Nå forstår eg at eg har hatt rett heile tida og skal stolt koma ut av skapet som oppreist syklist…

Elles så syslar hovudet mitt med salma eg skal skriva i løpet av sommaren og barneklubbopplegget eg skal gjennomføra i Spania om litt over to veker. Og så vår eg får pusta litt skjønar eg kor halvoppdatert eg går rundt og er sånn til dagleg på grunn av tidsnaud. Så farleg er det vel kanskje ikkje, men i sommar skal det dagleg broderast til Dagsnytt atten slik at eg kan kasta meg inn i samfunnsdebatten utan den litt beklemmande kjensla at det er noko alle andre veit som eg ikkje har rukke å få med meg…

Det er eit komplisert bilete me skal prøva å få på plass i hovuda våre, og skal me gjera det ekstra komplisert så spelar det sjølvsagt inn at dei nyheitene me får inn i stova via fjernsyn, radio og aviser er det nokon som har vald ut og redigert for oss. På den måten byggjer me oss ei felles sanning som sjølvsagt bare er ein flik av eit mykje større bilete…

Jordbæra er på sitt aller beste nå, forresten.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Leif permalink

    ja, de var gode bærene jeg kjøpte. Er de spist opp allerede?

  2. Heidi: permalink

    Dei forsvann i løpet av eit kvarter, er eg redd…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: