Gå til innhald

Gå ut i sola

juli 18, 2008

og ta i mot ein ny dag. Eller til og med: Gå ut i sola og finna seg ein behageleg plass i skuggen… For nå har me vore ha er mange nok dagar til å bli akklimatiserte.

Her på terrassen utanfor matsalen er det symjebasseng, småbord og stolar , parasollar og solsenger. Ungdomane gjer seg klare til enten tur med tog til eit kjøpesenter eller til strandtur. Barna har barnekorøving. Eg skal akkurat nå på møte om barneklubben. Eg kjem tilbake snart.

Og nå er eg tilbake her. Me har sett Donaldfilm, og laga opplegg for ein barnefest i morgon kveld. Mange av dei som er her har dradd på stranda, ein del leikar i bassenget eller slikker sol frå solsengene. Bare to personar sit i skuggen under ein parasol og nerdar med kvar sin datamaskin….
Guess who?…

Kjærasten min har med seg litt jobb, han har fått ein ekstrajobb som nettlærar i nks og jobbar med å leggja ut leksjonar. Han har kjøpt seg ein stråhatt på marknaden, trur han insisterer på at det heiter ein stantonhatt. Eg var litt skeptisk, men han er rett og slett ganske stilig med hatten sin på… Eg for min del lid av ein skrivekløe fordi alle blogeøktenen mine har blitt avbrotne lenge før eg har vore klar for det. Så nå skal eg nyta livet som skribent før eg legg meg ut i sola og puggar tekst. Den einaste trusselen er at den bittelille datamaskinen me har med oss truar med at han har lågt batterinivå.

I dette området bur det mange nordmenn, nokre av dei bur her fast, og nokre av dei er her i vinterhalvåret. I ein liten by i nærleiken, Alfaz del Pie skal det visstno bu fleire nordmenn enn spanjolar. Kyrkja her på Solgården fungerer som samlingsplass for nordmenn som bur her i kortare eller lengre periodar.

Ein kveld hadde me besøk her av ei norsk dame som har busett seg her nede i lag med mannen sin. Ho har studert kunst, og er sjølv utøvande kunstnar. For nokre år sidan hadde ho oppdaga rosenkransen, den katolske bønekransen.

Eg har bare visst at perlene i rosenransen står for Fadervår og Ave Maria-er som skal bes i eit visst system. Nå fekk eg læra korleis rosenkransen eientleg skal brukast, med ein fast serie meditasjonar til kvar dag i veka. Ho var så engasjert at det vart veldig interessant. Så fekk me sjå ein dvd med ein serie bilete ho hadde laga over meditasjonane i rosenkransen. Ho hadde brukt geometriske former, og kalte det abstrakte ikon. Som meditasjonen over Jesu førti piskeslag hadde ho skore førti striper med kniv i ei treplate og malt med raudfarge ho hadde laga av ein blanding av raud maling, altervin og sitt eige blod. Då blir uttrykket å leggja att noko av seg sjølv i kunsten sin relativt bokstaveleg.

Heidi

From → Uncategorized

8 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Det låter som om ni har det hräligt!

  2. Heidi permalink

    Ja, det er herleg. Nå skal eg skriva ferdig innlegget…

  3. Leif permalink

    «Stanton-hatt?» Hatten er krysning mellom stråhatten broren min pleide å ha i Spania og en Hannibal Lecter/Antony Hopkins (massemorderen) hadde i en av filmene. Uten koblinger forøvrig, men det er deilig med hatt med stor skygge ettersom tetracyclin-kuren jeg tar ikke bør kombineres med for mye UV-stråler. Men jeg må sjekke det med Stanton-hatt. Hatten kan beundres på http://www.flickr.com/photos/leif/2677442958/

  4. Tintomara permalink

    Stetsonhatt har jag hört talas om… 😉

  5. Leif permalink

    Jeg har gått på linedance-kurs i sommer, og der hadde en Stetson-hatt overhodet ikke vekket oppsikt.

  6. Arne permalink

    Det høyres herleg ut å vera på Solgården der eg har vore så mange og lange somrar! Nyt dagane! Blir det for varmt kan eg anbefala ein tur til Algarfossen. Du må nok ha leigebil for å koma dit, og fossen er ikkje imponerande ut frå norske forhold. Men likevel er det ein herleg plass.

  7. Heidi permalink

    Takk for det, Arne, me var faktisk i Algarfossen i går, ungdomsleiarene hadde sett opp buss dit. Eg må innrømma at eg ikkje var uti det kalde vatnet, men re

  8. Heidi permalink

    Og der gjekk batteriet… vidare skulle det ha stått: Dei andre i reisefylgjet mitt bada og koste seg, og eg koste meg med å sjå på,,,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: