Gå til innhald

Ut i den store verda

oktober 8, 2008

heilt aleine… Ikkje så veldig langt, men ei halv dagsreis med ryggsekk og dyne.

Eg skal ei tur til Bergen. Eg hadde tenkt å dra i morgon tidleg, men plutseleg vart det bestemt at eg dreg i dag i staden. Om nokre timar skal eg ut i høljeregnet for å reisa med tog og kystbuss og ferger. Eg skal ha med meg lite klær og mange bøker og ei stor skriveblokk.

Eg har ei venninne som skal opererast, ho har ikkje lyst til å vera der heilt aleine, det skjønar eg godt, det hadde ikkje eg heller hatt. Så nå pakkar eg ned meg sjølv, og håpar eg kan vera til hygge og nytte, akkurat som det var meininga at tante Sofie skulle vera i Kardemommeby.

Eg har fått låna seng hos Odd Christian, og han meinte det passa godt at eg kom i dag slik at me kunne ha ein kveld i lag. Mor er ikkje så vanskeleg å overtala. Dersom han for tida er tilkobla internett kan eg kanskje til og med oppdatera bloggen min medan eg er der.

Haustferien blir baktung når eg kjem heim, for då må eg bruka helga til å jobba med alt eg hadde tenkt å gjera i dag.

Hugselapp til meg sjølv: Gløym for alt i verda ikkje at du skal henta tre kassar bøker på biblioteket på lørdag!

Nå må eg pakka.

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. gerd permalink

    God tur til

    g

    God tur til Bergen.Eg er på vei til Sola for å henta tante May Brit og Tonje eg gler meg.Hels Odd Christian.

  2. gerd permalink

    God tur til Bergen.Eg er på vei til Sola for å henta May Brit og Tonje eg gler meg. Hels Istan

  3. Heidi: permalink

    Takk. Han helsar tilbake

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: