Gå til innhald

Luke 24

desember 25, 2008

Julaften er gått over til julenatt. Huset er i ferd med å roa seg for natta.

Å feira jul midt i eit travelt liv og midt i ein stor familie er å trena seg i å trivast med det ufullkomne. I alle fall kjendest det slik til jula ringdest inn. Eg hadde håpa på ein roleg dag sidan me ikkje skulle ha besøk her i dag, men det var mykje som skulle ordnast og timane vart korte.

Først var det eit skikkeleg etterslep av rydding på kjøkkenet.
Det vil seia aller først kjørde eg Ingrid til jobb. Eg diskuterte med meg sjølv om eg kunne gå inn på kjøpesenteret og handla dei siste gavane. Eg følte meg som eit fuglekremsel, med bare bein i eit par gamle støvlettar men skjørtet var så langt at det syntest ikkje.

Eg hadde lov aå laga riskrem til julemiddagen. Eg hadde juksa litt med å kjøpa ferdig grøt som eg blanda med ein liter krem, sukker og vaniljesukker. Timane til å slappa av i eit reint og nyvaska hus kom aldri, men riskremen vart bra.

Me rakk ein liten runde med blomar, brev helsingar og smågavar. Me var så vidt inne litt i eit par stover og.
Me handla på vegen, og eg kjøpte to par svarte sokkar til gutane mine. I fjor kom me nemleg så seint til kyrkja at me bare fekk ståplass på galleriet. Det skuldest mellom anna at nokon ikkje fant sokkar.

I år skulle det visa seg å vera skor som var problemet. Halvard fann ikkje passelege finsko. Han tok eit par kvite joggesko med oransje skosnorer. Fordi han innsåg at dei oransje skosnorene var litt skrikande til finklede raska han med seg eit par svarte skosnorer og drog ut dei oransje. Det var bare det at dei svarte snorene var slitne og øydelagde i tuppen slik at dei vart omtrent umoglege å træ. For å gjera ein lang historie kort, gutane mine havna på galleriet i år og.

Men dei store glasvindauga i kyrkja viste oss ein vinterhimmel som plutseleg var klar og lyseblå. Medan me song salmer og Keisar Augustus plukka ut barn til å vera med i julekrybba, skumra det ute. Det er alltid ei stor oppleving å synga “Deilig er jorden” til slutt i ei julegudsteneste, midt i den herleg ufullkomne failien min, i ein herleg ufullkomen flokk menneske som eg deler kyrkje med.

Hos mor og far var det dekka nydelege bord med raud duk og blomar og lys. Pinnekjøtet var utruleg godt, akkurat passe salt, passe sprøtt og passe fullt av smak, saman med kålrabistappe og poteter vart det eit skikkeleg herremåltid.

Og det myldra av tenåringar og andre ungdomar, og av oss i foreldregenerasjonen. Eg ville ha skrive meir, men eg somnar bokstaveleg talt over tastaurer akkurat nå.

God jul alle saman!

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: