Gå til innhald

I full fart.

desember 29, 2008

For snart skal me ned og sjå på ein engelsk serie som eg rakk å bli hekta på i går. Er litt fortumla etter den lange kjøreturen heim, og kan ikkje koma på akkurat nå kva serien heiter…

Dagane der aust vart veldig vellukka, og eg får ta dei fram att etterkvart. Turen heim gjekk godt og, sjølv om meir enn femti mil i bil er ganske langt på norske vegar på denne årstida. Det er herleg å reisa med store ungar, i mange år var slike turer ei utfordring for kreativiteten i form av eventyr, songar, billeiker og handdokker. Det er bare det at ein fort blir bilsjuk om ein skal sitja og snu seg med ei handdokke på høgrehanda…

Nå når me reiser med bare to tenåringar kan me til og med tillata oss litt ekstragavanse som å stoppa i Bjorbekk av alle stadar, og kjøpa oss kjøttkaker med ertestuing på kafé. Elles vart det andre verdskrigen, Max Manus, bombinga i Gasa og eit høyrespel av Jon Fosse som vart tema for turen via lydbøker og radio.

Nå til gamle England…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Å, jag älskar engelska serier! Här i Sverige hade vi idag en rolig uppföljare på «Ombytta roller» som hette To the Manor Born på engelska. Tror den gick på åttitalet eller rent av tidigare.

  2. Heidi: permalink

    Cranford, var det serien heitte. Eg og Sunniva og kjærasten min tett samani den bittelille grøne sofaen i fjernsynskroken i halvannan time. Herleg. Og i kveld kjem siste delen!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: