Gå til innhald

Ut i år.

januar 21, 2009

Eg vakna av massive toreskrall. Først tenkte eg i ørska at nokon måtte kjøra ein tung snøplog utanfor vindauget mitt.
Tora slo så huset rista og lyna flerra vinternatta. Så skrudde nokon på den store dusjen der ute, og eg rakk akkurat ikkje å sovna att før vekkerklokka ringde.

Etter kaffi og havregraut tok me bilen til jobb og skule. Elevane kom i regnet, litt ekstra søvnige etter uveret. Bare tre av barna hadde sove seg gjennom torebygene.

Det var godt å tenna lys og starta dagen med høgtlesing og norrøn mytologi medan regn og snø i salig blanding piska mot rutene. Så tok me med oss elevane inn i aulaen der me sat tett i tett og opplevde mellomaldermusikk og gjøgling frå ei gjestande konsertgruppe. Ein av dei var ein skikkeleg dyktig sjonglør og sjonglerte rytmisk med fem ballar til mellomalderrytmer på ei tromme. På skulen der eg jobbar får elevane mange slike kulturopplevingar. Det er så fint at det er slik.

Snart er det meg som skal på turné att, ein miniturné rett nok… Eg trur det blir femte året på rad eg og Jan Ivar skal ut med HC Andersen- stykket vårt til sjetteklassane i kommunen. På fredag skal me finna ut om me framleis hugsar teksten og kanskje sjekka ut at kostyma framleis passar. Dei raude skorne mine må eg prøva å lima med superlim. Solen har slept taket, men sidan raude skor er eit leiemotiv i stykket så er det klart at dronninga må ha akkurat det på føtene om det skal duga.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. morsan permalink

    Det tog en stund innan jag kopplade «toreskrall». Vi kallar ju åskan för Tors hammare ibland:)

  2. Heidi: permalink

    Ja, torden er det vanlegaste ordet på norsk (tor-dønn), men på nynorsk heiter det torever. Tornever seier me på dialekten her. Åska har det noko med ås som i æsene i Midgard frå norønn mytologi? Tor høyrde jo til blant æsene?
    Eg er sånn ordmenneske som ofte blir gåande og fundera på ord…

  3. Heidi: permalink

    Eller kanskje det har med Åsgårdsreia å gjera?

  4. morsan permalink

    Tintooooo
    Vet du???? För jag vet inte varför det heter Åska på svenska 🙂
    «också en ordmänniska»

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: