Gå til innhald

Rista kastanjer og Benjamin Button.

februar 24, 2009

Det er sikkert fleire enn meg som har kjend seg heilt forvirra dei første timane i eit nytt land: “Kor mykje var det nå pengane var verde her?” “Kva er det dei pleier å seia og gjera når dei skal kjøpa noko?”

Når denne første sjenansen er over blir det i beste fall ei slags kjensle av å ha tak på verda, knekka dei mest nødvndige kodane og kjenna eit minimum av orienteringsevne på gata.

Der omtrent var eg i går, og det kjendest heilt fantastisk.
Me tok metro og buss og fant fram på gata. Eg og Sunniva var ute på handel aleine utan dei andre i fleire timar, og eg konstaterer at Sunniva nok skal klara seg ute i det store spelet. Ho har ei slags medfødd evne til å ta seg fram i verda,
og ho ser ut til å vera mindre sjenert i ukjende situasjonar enn mor si og syskena sine. At det er ho som utan vidare finn vegen dit me skal, er sikkert ikkje noko bombe for dei som kjenner oss.

At sola skein og at det var femten grader ute i gatene, la ikkje akkurat nokon dempar på situasjonen. Me beundra gatemusikarar og eg kjøpte rista kastanjer av ein mann på gata, for det har eg alltid lurt på korleis smaker.

Då dei andre var slitne og trong ein kvil på det fine nye hotellet slik utpå ettermiddagen, fann eg ut at nå var det min tur til å ta ein tur aleine og gjera akkurat det eg hadde lyst til. Det gav meg ei stor kjensle av fridom å vandra rundt i gatene i ettermiddagssola, og bare gjera akkurat det eg hadde lyst til.

Eg kjøpte cappuccino på Starbucks og drakk kaffien medan eg såg ein strykarkvatett spela klassiske prler på gata utanfor. Så vasa eg rundt i bokhandlarbutikker og vurderte
å kjøpa Lars Saaby Christensen på spansk. Eg har kjøpt ei bok om moderne kunst med masse fine bilete som eg klarer å lesa, men der ein stad går nok grensa. Kanskje eit par spanske diktbøker kunne vera tingen?

I området der me bur er det fleire butikkar med påskrifta
“Articules religiosas”. Der sel dei lys, ikoner, kristusfigurar,
rosenkransar, julekrybber og tilsvarande ting. Sjølvsagt virkar desse butikkane som magnetar på meg. Den eine staden eg var inne stod det ei nonne med ei stor krybbe i tre, ikkje krybbe i tydinga stall med mange figurar, men sjølve staden der ein legg Jesusbarnet. Ho rådførte seg med innehavaren om korvidt denne kunne la seg reparera.

I ein annan slik butikk kjøpte eg masse kort med religiøse motiv. Litt interessant var det at ein på same måte som ein kunne kjøpa seg ein helgenfigur av Frans av Assisi eller jomfru Maria, så kunne ein kjøpa ein figur av Mor Theresa eller av ein av dei to siste pavane.

I den siste religiøse butikken eg var inne i kunne ein i tillegg kjøpa seg prestekjolar eller andre liturgiske plagg, Eg såg det var eit stort ope bakrom inne bak disken, og
spurte om det var lov å gå inn dit. Det fekk eg. Der stod det store ikon og store figurar. Det var ikkje nok med at
ein kunne kjøpa seg eit Jesusbarn i naturleg storleik, men den som hadde penar kunne kjøpa seg ein vaksen Kristus eller madonna i naturleg storleik, om ein ville det, kunne ein kjøpa seg ein ridane Jesus på eit naturtru esel. Høyrte eg nokon sei stova heime? Eg kunne nok ha lyst til å kjøpa eit lite ikon… I tillegg var det klede frå Jesu tid, enten til å
bruka i religiøse opptog, eller kanskje til å kle på helgenfigurane i kyrkja om dei trong noko nytt.

Denne katolske frodige måten å tenkja trusliv på appelerer til meg, samtidig som ein del av det kjennest
framand. Frå tidlegare besøk i Spania har eg sett opptog med store helgenstatuer som blir borne gjennom gatene.
Det ser ganske framand ut for oss, men det appellerer vel til fleire sansar enn det ein tradisjonelt aktiverer i norske
kyrkjer. Det var ei fascinerande stemning i desse butikkane. Folk var nærmast andektige. At eg møtte fleire nonner og prestar der inne tyder vel på at butikkane ikkje bare er turistjippo.

Utfordinga frå min venn Martin Lönebo denne veka er å la seg fylla av allkjærleik, våga kjenna på smertene og kjenslene til dei ein møter. Dette er eit utfordrande innspel i dagen når ein er i ein by med mange tiggarar og andre som openlyst strever med livet sitt. Storbyar er staden for dei som promenerer med siste mote og perfekte fasadar, men og for dei som det meste ser ut til å ha gått gale for.
Halvard og Sunniva synest det aller verste er å gå forbi tiggarar som sit der med hundar og kattar i fanget. Innimellom finn eg fram ein og annan mynt og prøver å møta blikket deira på ein anstendig måte. Eg veit at mange nå vil tenkja på svindel og naiv turistar, sjølvsagt veit eg alt det der. Eg veit at ein og annan euro frå meg
ikkje løyser noko som helst problem. Samtidig veit eg at dei som sit der er menneske, og at om nokon av dei skulle vera svindlarar, så er mange av dei menneske det har gått
veldig, veldig gale for av ein eller annan grunn. Kva gjer ein for å sjå andre menneske på ein god måte anten dei nå har minkpels eller tiggarstav?

Me hadde snust opp ein kino med filmar som ikkje var dubba, og i går kveld klokka ti såg me Benjamin Button.
Stolane var behagelege og stod tilbakelente slik at me liksom såg opp på ein stor widescreen. Eg likte filmen utruleg godt. Benjamin Button er mannen som lever livet baklengs. Han er fødd gammal og blir yngre og yngre. Historien er poetisk og varm og vakker. Dei fleste kjenner seg nok litt att i det å leva litt i utakt med menneska rundt seg? Filmen viser og at varme mellom menneske kan dekka over det tenkelege og utenkelege av ting som kan gå gale.

Filmen varte til kvart på eitt om natta. Så gjekk me heim gjennom dei smale gågatene her. Det var faktisk ganske mykje folk ute såpass seint på natta ein mandagskveld. Sunniva hadde far sin ein bskyttande halvmeter bak. Ho får litt meir merksemd frå spanske menn enn det ho set pris på. Ho meiner det skuldast det blonde håret.

Nå er dagen ny, og me skal bruka han. Som alltid er det rift om pc-en me deler på. Men det burde vel ikkje vera noko problem, teksten min er viss alt for lang allereie.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. maybrit permalink

    takk for øeblikket – plutselig i madrid og butikker som og er ein magnet på syster di 🙂
    eg er så glad for at du får denne turen heidi – eg veit at det å sanse seg i storbyer er god bensin for deg <3<3<3 uendeleg glad ideg <3<3<3

  2. Heidi permalink

    Tusen takk, mi kjære 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: