Gå til innhald

Fiebre del sabado noche.

februar 25, 2009

“Er det nokon god idé å ta oss med på teater når me ikkje kjem til å forstå eit einaste ord?” lurte Halvard på då me la i veg. Eg var bittelitt i tvil eg og, men det viste seg å vera ein veldig god idé. Sjølv er eg alltid klar for teater, språk ingen hindring… Eg synest at scenografien er noko av det mest spennande når eg ser profesjonelle oppsetningar. Eg er alltid på jakt etter ein eller annan detalj me kan ta me oss i litt enklare målestokk på våre eigne forestillingar…

Som mange sikkert har gjetta seg til etter å ha lese overskrifta, så har me vore på teater og sett ein spansk sceneversjon av “Saturday night fever,” og denne varianten fascinerte meg meir enn John Travolta og co gjorde sist på syttitalet. Det var så mykje song og dans at det var kjekt for Halvard og Sunniva og, sjølv om språket var heilt utilgjengeleg for dei. For å vera ærleg var det fint lite eg og fekk med meg av songtekstar og scenedialogar. Det er utruleg mykje lettare å lesa spansk enn å forstå kva folk seier dersom dei ikkje tilpassar språk og ordvalg veldig til at me er utlendingar som lite skjønar…

Utenlandsturar blir ofte veldig intense mot slutten, for då vil ein ha med seg alt ein ikkje har rukke før då. Til å begynna med synest ein jo at ein har uendeleg mykje tid å ta av. Etter ein sein kveld vart det ein sein frukost i dag. Hotellet her har ein heilt annan standard på slikt enn den første plassen me budde. Bare det å kunna velgja mellom fire fem forskjellige kaffivariantar om morgonen er ikkje dumt…

Dagen starta i Palacio Real, som skal vera de største slottet i Europa med meir enn totusen rom. Romma var barokt oerdådige, mykje i rokokkostil. Då me kom til våpenavdelingen var eg oppriktig lei meg for at eg ikkje kunne ta med klassen min dit. Rommet for rustningar var heilt utruleg. Me har akkurat hatt om mellomalder og riddartid, og eg trur det ville vore midt i blinken for dei å få sjå det eg såg… Det utrulege var at det var moteretningar og ulike stilar i rustningar med svært forseggjorte forsiringar, ornament og fasongar. Og dei stakkars hestane måtte bera tunge rustningar sjølv i tillegg til dei jernkledde ryttarane. Det må ha vore forferdeleg tungt.

Eg fekk forresten i mangel på eigne elevar gleda av å sjå kolleger i arbeid. Det ankom ein stor gjeng elevar som eg antar måtte vera på alder med norske andre eller tredjeklassingar. Dei hadde på seg ein slags fritidsvariant av skuleuniformar med blå joggedressar med kvite striper på sidene og kvite T- skjorter. På ryggen hadde dei ryggsekker. Dei var vel bortimot hundre ungar og hadde med seg fire lærarar. Me hadde nok send med fleire vaksne på ein slik tur. Eg tenkte at det kunne vera spennande å observera spansk skuledisiplin, og observerte at spanske ungar ikkje skil seg vesentleg frå dei norske. Dei var relativt høglytte, og det var tydeleg at det ikkje var tilfeldig kven som stod nærast ein vaksen til ei kvar tid. Det var reint så eg kjende lukta av sagmugg…

Eg er veldig glad for å få alle desse opplevingane i lag med dei to yngste tenåringane våre. Heime blir det ofte til at me trekkjest mot kvar våre aktiviter. I dag vart dei imidlertid permiterte nokre timar etter palasset. Dei var slitne og trøytte i beina, og var lite mota på Prado, det gigantiske kunstmuseet der me kom til stengde dører i går…

Dei to fekk med seg nøkkelkort til hotellet, ei handfull formaningar og litt lommepengar, og så la dei i veg tilbake til hotellet. Dei må jo få prøva seg litt aleine i den store verda, sjølv om eg alltid har motforestillingar til å sleppa taket i dei.

Eg var fullt klar over at viss eg skulle få ein brøkdel av den tida eg eigentleg hadde ønska meg på kunstgalleriet, så var det ein fordel å ha færrast mogleg andre med som garantert ville bli utålmodige veldig lenge før meg. Kunsthistorie er noko av det eg har likt best i heile utdanninga mi. Eg skulle gjerne ha undervist meir i det. Det er stort å få sjå originalverka til Rubens, Goya, el Greco
og Velasques som eg tidligare bare har sett på fotografi.
Før kjøpte eg alltid biletbøker til barna mine fordi eg er så glad i biletbøker sjølv. I dag kjøpte eg ei nydeleg kunstbok for barn. Det kan jo kanskje tenkjast at eg får barnebarn ein gong…

Etter ein liten kvilepause med barna på ein tyrkisk restaurant trava Sunniva og eg gatelangs i nokre timar. Det var endå varmare enn i går. I dag har eg gått utan ytterjakke store deler av dagen. Det blir hardt å koma heim til vinter…

Nå søv dei andre. Det burde eg gjera og. Eg håpar me får dei opp tidleg nok til at me får med oss ein del i morgon før me må setja oss på T-banen med retning flyplassen klokka to. Så gler eg meg veldig til å møta Ingrid når me kjem heim. Ho har vinterferie og skal heim og pugga manus.

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Ni flög väl inte över Shipol? Ni åkte väl med ett norskt plan, va? Eller svenskt eller så… bara inte turkiskt.

  2. Torhild permalink

    Kjekt å «vera med» dykk på tur!! Eg er attende frå Danmarkstur med nærare 100 konfirmantar.Stort!!! Gler meg til me treffest:)

  3. Heidi: permalink

    Nei då Tintomara. Me reiste med
    Lufthansa via Frankfurt. På flyplassen i går då me mellomlanda viste dei nyheiter på storskjerm. Då såg me flyulukka ti minutt før me skulle opp i fly igjen. Men eg klarte å rasjonalisera med at sjansen for at det same skulle skje med oss var ytterst minimal. Det kunne like godt ha vore mellomlanding på Shipol for det har me hatt før når me har vore i Spania, trur eg.
    Gler meg til å treffa deg og, Torhild.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: