Fullt reir…
Her vrimlar det av folk. Ingrid og Oddvar pussar opp i kjellaren, og Odd Christian flyttar opp på Ingrid sitt rom, så her blir det bore senger, madrasser og tunge sofaar opp og ned tronge trapper.
Me fann ut at tida var mogen for eit nytt vaffeljern, nå har me vore utan i eit halvt år minst. Så vart det store stablar med vafler til alle i huset, til syster og til Borghild og Tonje og tante Gerd, som kom på besøk , til Irene og til Vilde, som bur hos oss når det passar seg slik. bringebærsyltetøy, is og kaffi klarte me og å finna fram. Dei oransje rosene som eigentleg hadde gjort nytta for seg vart klipte av rett under blomen og har fått nytt liv i ei eldfast keramikkform.
Halvard har fått konfirmasjonsdress, me fann ein butikk der dei selde dei billig, og kjøpte den første han prøvde. I dragsuget kjøpte me ein til storebroren og, sjølv om han slett ikkje var sikker på om han eigentleg ville ha han…
Det er godt kva som i teorien kan kryssast av på lista eg aldri har laga, som kunne ha heitt “Det me må få gjort før konfirmasjonen…”
Ute var det deilig sol midt på dagen, og absolutt kjenning av vår. Hevdaluktå har breidd seg over Jæren, noko som og er eit sikkert vårteikn. Skillaen blømer i beda, og i går såg eg den første vipa. Det er ein viss bekymring her over at det minkar på vipene som har pleidd å koma i store flokkar kvar vår, og eg har høyrt det bli lansert fleire teoriar om korfor det ser ut som om det har blitt færre av dei.
Vi-vip seier vipa
ho rir seg så høg ein hest,
fjør hev ho i hatten,
og fløyelskufte
og kvite silkevest…
Skriv Arne Garborg i Haugtussa. Han skriv ganske ofte om fuglar:
Men lerka stig frå gløymde grav
med sigersljod,
og vinden stryker inn frå hav
så mild og god.
Og om me kjenner gråt og gru,
og saknad sår,
så må me lerkesongen tru
som lovar vår.
Det er så fint og vakkert skrive at eg omtrent får tårer i auga, sjølv om eg i utgangspunktet verken kjenner på
gråt eller gru eller saknad sår. Men våren, denne vakre, såre, vibrerande årstida, den gler eg meg over og lengtar til.
I morgon skal eg ha sundagsskule under gudstenesta i kyrkja. Det er eit oppdrag eg har sånn ca tre gonger i halvåret, og som eg tek djupt alvorleg. Eg vil så gjerne bruka denne sjansen til å dela noko med ungane som kan gje dei varme hjarte og mot i brystet når dei blir utfordra av livet både nå og seinare.
Eg trudde først at palmesundag var mitt oppdrag, men eg ser av tekstlista at eg og skal ta opp temaet “Jesu død”. Det synest eg er ganske vanskeleg. Korleis formidlar ein dette ubegripelege mysteriet for barn? Kanskje ved å presentera det som eit ubegripeleg mysterium? I kveld skal eg i alle fall gjera noko så bokstaveleg talt handgripeleg som å klippa palmeblad i grøn filt som dei ungane kan vifta med… – Og kanskje laga ei tornekrone av rosebusken eg aldri har fått beskore?
I dag vart eg overraska og imponert. Halvard kom og lurte på om eg ville høyra ein song han hadde på i-poden. Han påstod at han hadde komponert musikken og skrive teksten, så hadde dei spelt det inn i studioet til faren til ein kamerat. Sjølv spelte han gitar og keyboard medan to av kameratane song. Eg var heilt sikker på at han bare prøvde å lura meg… Til slutt har eg litt motvillig latt meg overbevisa om at sonen min på fjorten opererer i det skjulte som tekstforfattar, komponist og musikar. Det er framleis bare så vidt eg trur på det, kanskje eg er ei mor som det er ekstra lett å imponera…
Det er framleis ubegripeleg deilig å ha påskeferie. Eg veit at eg må leggja inn ganske heftige arbeidsøkter med både skule- og kulturskulearbeid for å klara å koma i mål med det eg har tenkt, men det er stort sett lystbetont arbeid eg skal gå i gang med.
Midt på natta sånn omtrent må eg opp og kjøra kjærasten min til flyplassen. Han er ubegripeleg flink til å snusa opp ulike former for stipend og nå skal han til Cadiz for å studera spansk i samband med vidareutdanninga han held på med. Sjølv er eg godt fornøgd med å halda fortet her heime i eit hus stappfullt av ungdommar. Nattesøvnen kan koma til å bli heller amputert, men eg trøyster meg med at det truleg er lite bilar på vegane mellom fire og fem om natta… Bilkjøring er ikkje yndlingsaktiviteten min verken natt eller dag… Men eg har tenkt å løfta meg etter nakkehåra og bli litt modigare i trafikken… Trur eg…
Heidi