I dette nu
går me inn i midnattstimen. Det er påskeferie, auga mine er nære på å detta igjen av seg sjølv, og eg høyrer Odd Christian og Halvard le på naborommet.
Det er deilig å ha ferie. Nå er alle ungane inkludert Oddvar komne heim, og me var sju til kveldsmat med taco, tortillas og brennande lys. Ingrid har vore heime i ei veke alt og har hatt kulturskulepraksis.
Ho har fått lov til å flytta inn i kjellarleiligheita. Ho vil bu heime neste år og studera inne i byen. Ho og Oddvar maler og står på der nede. I dag har eg vore med dei til Ikea for å kjøpa tallerknar, suppeskåler og koppar. Då eg gjorde det same med Odd Christian for tre år sidan ville han ha alt i svart. Ingrid ville ha alt i kvitt. “Vil du ikkje ha noko med litt meir farge på?” spurte eg. Ho meinte at fargane skulle ho bruka på andre ting. Dei seks tekrusa fekk likevel til slutt lov til å bli lyseblå… I mi handlekorg var alt rosa, lilla, grønt og gult…
Eg gjorde eit forsøk på å kjøpa nytt sofatrekk. Dei to høgt elska sofaane våre har djuporansje avtagbare trekk. Dessverre er det blitt skimlete av mange gonger i vaskemaskinen, og det er flekkar på dei som ikkje går av. Kattane har dessutan kvessa klørne på ein litt lite disiplinert måte…
Oransje trekk fantest ikkje. Eg tok heim eit sett med lyse, nærmast litt pastellfarga stripete trekk, men saman med primærfargane i stova vart det ikkje heilt som eg hadde tenkt. Dessutan viste det seg at dei hadde forandra på armlena sidan me kjøpte våre sofaar, slik at dei vart for vide.
Konklusjonen er dessverre at trekket må leverast tilbake. Litt synd, for eg ville gjerne gje dei oransje eit lenger liv…
Det er genialt med utskiftbare trekk, og synd når det viser seg at dei ikkje er å få tak i lenger. Eg kan ikkje fordra å senda fullt brukbare ting til tippen… Så dei får vel stå i stova vår eit par år til med katteklor og merker etter vaskemaskinen.
Og nå skal eg sova.
Heidi