Gå til innhald

Ein sykkel under papirbunkene.

april 5, 2009

Det vert påstått at dagbladjournalisten Arne Hestenes vart pålagd av politiet å rydda på kontoret sitt. Papirbunkene var så høge og låg så tett at politiet ansåg at det utgjorde ein brannfare som ikkje var forsvarleg.

Vidare seier anekdoten at Hestenes etter eit par dagars rydding på kontoret kom opprømt inn i kantina og fortalde at han hadde funne ein sykkel under alt papiret…

Syklar kjem eg vel ikkje til å finna, men skrivebordet mitt her heime står og ropar på ei opprydding. I kveld har eg leita etter ei bok, Haugtussa av Arne Garborg. Boka er velbrukt og har vore meg i eige i nærare tretti år. Eg meiner at eg såg ho sist ved juletider. Nå har eg flytta på bunkene på skrivebordet og funne både det eine og det andre, men ingen spor etter Veslemøy. Heldigvis så fann eg noko av det eg trong på internett. Det fine med internett er at andre enn meg held orden på bunkene, og finn eg ikkje det eg leiter etter, så er det ikkje min feil…

Om eg får rydda kontoret i påskeferien? Kven veit, det hadde ikkje vore dumt… Men skrivebordet stiller i knivskarp konkurranse med ein del andre velkvalifiserte kandidatar til ein flik av mi arbeidstid… Me får sjå…
Men sykkelen min, ja den veit eg faktisk nøyaktig kor eg har…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. weole permalink

    Eg skulle likt å vita korleis det eigentleg ser ut, det skrivebordet ditt. det høyrest ut for at det liknar mitt. Eg er alltid på jakt etter feller….

  2. Heidi: permalink

    Feller?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: