Gå til innhald

I hjartet av ein sommar.

juli 27, 2009

Det er godt å gå på kvilepuls, og la dagane og timane koma. Frå år til år gløymer eg av korleis det kjennest å ha ei sommarsjel. Det er godt å bare kvila i livet, når det er klokkelause timar i sol og saltvatn og sommarbris. Då kjennest kvardagslivet med endelause rekker av ferdiglagde gjerningar fjernt og uverkeleg.

På laurdag tok syster og eg bussen i lag med ungdomane bussen opp til Algar. Der bada me i kulpar med krystallklart, iskaldt vatn, som både landskapsmessig og temperaturmessig minna om badeplassen heime i barndomen, “Hålå”, ein kulp i “Ånå”, der både eg og syster og Torhild i si tid lærte å symja.

Laurdagskvelden var det full fest med ungane, og då me sat ute i mørket på dei varme steinane det siste kvarteret, var fleire av dei svært nære på å sovna.

I går hadde me ein av desse fine sundagsgudstenestene me har her nede, med masse sang og musikk. Mellom anna song Vilde duett med ei anna jente, Halvard akkompagnerte på det fine flygelet og Magnus på gitar.

Etter ein roleg dag i sola, var det på tide å eta middag på den kinarestauranten i byen som har open terrasse med utsikt over havet. Så var me klare for “maurarparaden”, me er nemleg inne i den årlege fiestaen, som er ein blanding av fest til ære for byen sin skytshelgen, santa Martha, og for å feira då maurarane vart kasta ut av dette området, ein gong for veldig lenge sidan.

Dette siste blir feira med bokstaveleg talt dunder og brak. Det smell stadig vekk fyrverkerirakkettar om kveldane, og i natt, klokka fire, er det eit stort sjøslag nede på stranda med båtar og kanonar.

I går kveld var det eit minst fire timars langt opptog i byen der folk var utkledde som maurarar. Det var flammar og dromedarar, magedans og sverd. Sultanar og haremskvinner i heilt fantastiske antrekk dansa tolv og tolv i bredda, og musikk-korpsa spela noko som eg best kan beskriva som litt sær, oppjazza arabisk sørgemusikk. Mellom kvinner i kostyme som skulle tilseia høg byrd i sultantida, ser eg ei kvinne med Downs syndrom. Ho stråler over det ho får vera med på, og eg kjenner eit særskild stikk av glede.

Kvelden før var det eit tilsvarande opptog der folk var utkledde som kristne frå maurartida.
Kjærasten min var nede og fotograferte, og kunne melda om ei slags overopphopning av piratar…

På onsdag trur eg dei skal bera ei statue av Santa Martha, rundt i byen på ein gigantisk plattform, ikledde slike drakter som minner veldig om uniformen til Ku-klux-klan… Så skal det, om eg forstod det rett, vera ein firetimars gudsteneste i kyrkja, der dei ærer St Martha. Det er ho same Martha som opptrådde som husmor og vertinne då Jesus var på besøk, medan systera, Maria sette seg ned på golvet for å lytta.

I følge sjømannsprestvikaren, Jan Høifødt, kjem presten til å snakka om å fylgja Martha sitt gode eksempel, og vera gjestfrie. Eg ser ikkje vekk frå at eg vil prøva å snika meg inn på eit eller anna tidspunkt på den gudstenesta.
Ved eit merkeleg samantreff, hadde eg bestemt at temaet for Solklubben akkurat denne dagen skulle vera å snakka om historiene om Martha, Maria og Lasarus. Verda er ein merkeleg plass…

Ungdomane har reist på dagstur med toget til La Marina. I morgon skal dei ut til Tabarca, ei lita øy utan for Alicante, for å snorkla. Dei tre ungdomane mine, iberekna Vilde, har det heilt topp. All ære til ungdomsleiarane, Eirik og Karen. Viss foreldra til Eirik skulle lesa her, noko eg veit dei gjer av og til, så kan eg bare fortelja at guten er eit funn.

Nå skal eg ut og leva ein ny spansk dag, kva han vil by på veit eg ikkje ennå. Nå er livet sommar.

Heidi

12 kommentarar
  1. Kirsti permalink

    Gode Heidi! Det er ikke lett å finne ord etterat skildringene dine er beskrevet så levende og spennende, men jeg vil bare sende en hilsen og si TAKK! Alle vet du besitter en egen evne og gave når det gjelder bruk av ord, og du gir andre mennesker en «live» og spennende «reise» hver gang du formidler noe skriftlig. Det er kjempekjekt å lese om oppholdet på Solgården, men nå må jeg ærlig innrømme at jeg lengter til min søster, svoger og tantunger (Torhild, PM, Magnus & Maren). Jeg synes de har vært lenge borte nå, men samtidig kjenner jeg på en veldig stolthet over alt de makter å gjøre i løpet av noen hektiske ferieuker! Du må hilse alle dine Heidi, og samtidig gi Torhild & Co en god klem fra meg! Gode tanker fra Kirsti 🙂

  2. Heidi permalink

    Hei Kirsti.:-)
    Klemmar skal delast ut med det aller første. Takk for fine ord, så koseleg at du les bloggen min.

  3. Skylla permalink

    Låter så härligt 🙂 Fortsätt njuta av din tillvaro!

  4. Heidi permalink

    Det gjer eg, Skylla 😉

  5. inger permalink

    Ja, det hender at me les bloggen din, Heidi! Her sit den stolte mor til han som er eit av mine fire «funn» og oppdaterer seg på sommaren på Hacienda del Sol 🙂 Gamle, gode minne……. Kjærasten og eg har i kveld kome heim frå åtte dagar i lånt hytte v Lindesnes (utan nettforbindelse:). Lange, late dagar utan ferdiglagde gjerninger medbrakt bøker, greske gloser, stoff om den koptiske kyrkja, strikketøy, stolabroderi, badetøy, syklar, god mat og med GOD TID til kvarandre! Tenkjer ungane på Solgården har det fantastisk saman med deg og syster! Fortsatt god sommar og pass godt på deg sjølv! Hels dine + ungdomsledarane og Anne og Odd!

  6. inger permalink

    Retting: Eg var visst litt trøytt i natt då eg skreiv. Det skal sjølvsagt vera HEBRAISKE gloser! Elles gler det jo ein gamal pianolærar å lesa at gitaristen Halvard enno koser seg ved flygelet! Hels han:) Klem

  7. Heidi permalink

    Helsar tilbake frå Eirik som står her akkurat nå. 🙂 Han smiler så fint, så han har det viss bra. Ungdomane har akkurat kome frå Tabarca, og er trygt tilbake. Halvard hadde spydd på båten både fram og tilbake, men elles hadde alt gått fint. Det høyrest ikkje så dumt ut med Lindesnes heller.

  8. Sissel Ruud Bakke permalink

    En liten hilsen til Eirik, nr. 6 i rekken av våre 13 barne- barn. Vi er enige : han er virkelig en grei gutt !
    Hilsen morfar og mormor.

  9. Sissel Ruud Bakke permalink

    En liten hilsen til Eirik, nr. 6 i rekken av våre 13 barne- barn. Vi er enige : han er virkelig en grei gutt !
    Hilsen morfar og mormor.

  10. Sissel Ruud Bakke permalink

    En liten hilsen til Eirik, nr. 6 i rekken av våre 13 barne- barn. Vi er enige : han er virkelig en grei gutt !
    Hilsen morfar og mormor.

  11. Heidi permalink

    Mormor og morfar til Eirik: Då er me heilt enige. Eg høyrer forresten folk seia fine ting om han heile tida.

  12. Heidi permalink

    Mormor og morfar til Eirik: Då er me heilt enige. Eg høyrer forresten folk seia fine ting om han heile tida.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: