Gå til innhald

Juli skal snart bli august,

juli 27, 2009

men endå er det nokre dagar att av denne månaden som meir enn noko er sjølve sommaren.

Me kjem tilbake frå kveldsavslutning i kyrkja, der Eirik delte kveldstankar med oss. Det var ganske sterkt å sjå Vilde, Sunniva, Magnus og Halvard stå framme i kyrkja og leia lovsongen saman med eit par andre ungdomar. Det vil seia, Halvard stod ikkje, han sat på pianokrakken og spelte flygel.

Eg er så takknemleg for at ungdomane mine får med seg desse erfaringane av å vera deltakarar i å laga livsbejaande og glade gudstenester. Det trur eg er god ballast når kvardagane kjem, og når livet er i heilt andre modus.

Sjølv har eg som dei fleste som les her har fått med seg, trua og det religiøse som ein veldig sterk komponent i livet mitt. Eg veit at eg ikkje kan pressa ungane mine til å tru på det same som meg. Dei må sleppast og fristillast og få gjera sine eigne val. Likevel er det slik at om eg kunne gje ungane mine ein ting med seg, så ville eg unna dei å få med seg ei trygg og glad gudstru. Omtrent slik som feane i Disneyversjonen i Tornerose, som svinger tryllestaven og ynskjer ein ting for den nyfødde…

Men i alle ynskjer kan det lett leggjast forventingar og forventningspress. Måtte Gud fri meg frå å villa stenga ungane mine inne i tronge rom avgrensa av min eigen frykt.

Nå blir det personleg og på grensa til privat, ser eg. Eg skal ikkje dra dette lenger, for det var eigentleg ikkje det eg hadde tenkt å skriva om. Men dette er viktige tankar som opptek meg. Alle me som har ungar har vel ynskjer og forventningar, det er sjølvsagt mykje bra i det, men det er og ei grense der det kan bli farleg.

Medan eg skriv sit eg og samtalar med ei veldig søt jente som sit på den andre pc-en. Me diskuterer dei store spørsmåla i livet medan me skriv på kvart vårt tastatur. Myggstikka klør, springvatnet sildrar, og lyktene speglar seg i symjebassenget. Føtene, som eg har lurt ut av sandalane møter eit behageleg kjøleg golv. Eigentleg er det ikkje lov til å gå barbeint her inne, men eg går jo ikkje, eg sit bare her og skriv.

Snart begynner vel kanonane å drønna nede i havna. Eg har ei bok eg har lyst til å lesa ut, “Sara” av Toril Brekke. Nei, eg får vel gå inn for landing. Sjølv på ferie med så mykje tid til disposisjon, har eg litt problem med å akseptera at eg faktisk må setja av litt tid til søvn…

Heidi

From → Barna mine, Reiser, Tru

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: