Gå til innhald

Kjøra tog.

juli 28, 2009

Det er alltid kjekt å kjøra tog. I dag fekk eg med meg kjærast og syster og hoppa på togent til Denia. Korfor Denia? Først og fremst fordi det er endestasjonen… Akkurat så langt som me kjem med lokaltoget, som går på ein smalspora jernbane langs fjellsida.

Det er fint å kjøra med tog, fint å studera landskapet. Bare sitja der og studera små kvite landsbyar på fjelltoppane, det asurblå Middelhavet langt der nede under toget. Nokre gonger dukker overraskande ting opp i synsfeltet, som ei russisk ortodoks trekyrkje med gullkuplar.

Vel framme i Denia studerer me båten som går til Ibitza og Mallorca. Kanskje ein hopp-på-tur kunne vera noko sidan me er så godt i gang?
I Denia har dei marmorfortau og mange fortausrestaurantar. På ein av dei sette me oss ned og åt pizza og kikka på folk.

Ein mann med lange øyredobbar og gullkjeder rundt halsen, gjekk gjennom gatene medan han song høgt ein eller annan arie og vifta seg kokett med ei handvifte.

Innkjøpa var ikkje så store: fargerike sugerøyr og Ole Brumm serviettar til neste solklubbfest. Så sette me oss på toget att og kjørde i halvannan time heim til Villajoyosa.

Heime på Solgården sette me oss på Café 7 og drakk café solo. Etterkvart dukka Eirik og Magnus opp og kunne bekrefta at ungdomen var trygt tilbake frå Tabarca og snorkling. Halvard hadde blitt så sjøsjuk at han hadde spydd på båtturen både fram og tilbake, men var visstnok elles ved godt mot.

Ein månad går fort kjenner eg. Først kjennest det som lang tid, og så går tida som røyk. Nå ventar meir kaffi oppe ved symjebassenget.

Heidi

From → Barna mine, Reiser

4 kommentarar
  1. Skylla permalink

    Kallar ni Nalle Puh för Ole Brumm?! Ha ha, vad sött 🙂

  2. Heidi permalink

    Eg synest at Nalle Puh høyrest så søtt ut. Heiter Nasse Nøff Nasse Nøff? (Piglet på engelsk) Og kva med Tigergutt?

  3. Skylla permalink

    Nasse och Tiger, bara. Nasse Nöff var sötare 🙂

  4. Heidi: permalink

    Ja, Nasse Nøff er kjempesøtt…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: