Gå til innhald

Gjer som flyvertinna seier.

oktober 18, 2009

Eg er ikkje alltid flink til slikt som vaksne kanskje bør vera flinke til. For eksempel er eg ikkje alltid like flink til å sova så mykje som ein sikkert burde. Og som regel går det bra å manøvrera for fulle seil utan alt for lange pausar. Det gjeld bare å hugsa at viss ein er skikkeleg trøytt skal det mindre til for å bli heilt tappa for energi.

Midt i veka skjedde det plutseleg litt for mange ting på ein gong både heime og på jobb. Me fekk vita at det var funne tjuvegods frå vår garasje, mellom anna ein golfbag, der reservenøklane til huset var gøymde i ein ytterlomme. I tillegg til det er her som vanleg mange store prosjekt på gang, og kjærasten min er på langtidsopphald på Costa Rica.

Plutseleg bråvakna eg om natta med alle må- tinga og alle utfordringane svivande i hovudet samtidig. Neste dag var eg heilt pumpa… Men heldigvis, plutseleg var overskotet sånn nokonlunde tilbake, og reservenøkkelen låg trygt i bagen der han hadde vore og har truleg aldri vore i ei ukjend hand.

Eg liker aldri å ikkje gjennomføra ting, men fant ut at nå måtte eg avlysa litt for å henta meg inn att. Fekk fylgjande melding frå ei venninne: «Så godt at du hat vit til å bremsa litt. Og gjer som flyvertinna seier; pass på at du har nok oksigen sjølv før du hjelper andre på med maska.»

Kloke ord.

Etter å ha vore i ein utruleg flott femtiårsdag i dag skal eg nå gå og legga meg grytidleg.

Flink jente?

Heidi

From → Filosofi

4 kommentarar
  1. Leif permalink

    Det kan nok være litt å bremse litt ja. Ellers er det jo mye man kan klare hvis man jevnlig får koblet seg til energikilder hva nå det kan være.

  2. Heidi permalink

    Det er sant.

  3. emma permalink

    Heidi, du speler eit heilt orkester på ein gong…Ikkje bra i lengda, men så lenge du trivst kan ein klare meir. Unnskyld at eg «pressa» deg til å tenke på fysisk fostring i ekstremvariantutgåve. Eg er berre farga av Easy Life for tida, og det tek noko overhand av og til.
    No er det pakke underveis til deg: Gle deg! Klem

  4. Heidi permalink

    Emma: Du har då ingenting å ha vondt samvit for… Me har heldigvis alle våre ekstremperiodar… Og gode råd kjem alltid vel med…
    Gler meg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: