Gå til innhald

Det hemmelege romet.

oktober 20, 2009

Alle har me hemmelege rom, og slik skal det og vera. Eg trur det finst ting som ein skal og bør halda for seg sjølv, eventuelt opna døra på gløtt for nokre få utvalde. Men ettersom tidene vekslar og rikene stiger og synker, så varierer det kva som vert hengd ut på snorer i det offentlege romet og kva som blir stappa inn i skapa med lukka skapdører.

Eg har eit hemmeleg rom som gir meg stor glede. Med jamne mellomrom møter eg fem damer som eg stolar heilt og fullt på. Me har danna ei bønnegruppe. Som oftast drikk me først te og prater og ler, og så opnar me dørene innover i oss sjølve. Me ber for einannan og med einannan, og viss me kjenner nokon som treng at nokon ber for dei, og gjerne vil at me skal gjera det, så gjer me det. Det kjennest  nært og trygt og heilag og kvardagsleg på same tida. Etterpå har eg alltid ei merkeleg kjensle av ro og meining.

Det er litt rart at me er blitt så sjenerte for å snakka om slike ting, medan ein rundt eit kvart kaffibord kan snakka ope om ting som ein knapt nok torde tenkja og langt mindre kviskra om for hundre år sidan. Verda er ein merkeleg plass.

Heidi

From → Tru

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: