Gå til innhald

Ad astra.

oktober 20, 2009

I dag morges stabla me femtiein tolvåringar og ikkje fullt så mange vaksne, inn i ein buss og køyrde inn til byen for å gå på kunstutstilling. Det var bileta til den store finske kunstnaren Akselli Gallen-Kallela me skulle få sjå på. Me hadde tjuvstarta litt på skulen i sist veke og sett på sånn ca 20 av bileta hans på ein powerpointpresentasjon eg hadde laga av bilete eg fann på internett. Det som gjorde det litt komplisert var at mykje at biletomtalen var på finsk, eit språk eg ikkje forstår i det heile tatt. Derfor måtte me bare sjå på ein del av bileta og gissa kva kunstnaren hadde tenkt.

Eit bilete fabulerte me mykje rundt: Ei jente, som ser ut til å vera i elleveårsalderen, står til knes i raudbrunt vatn. Ho strekkjer den nakne jentekroppen oppover mot månen og stjernene. Kroppen er i knopp, og andletet er forklara. Håret står om hovudet som ein solgloria, og armane er utstrekte i ein Kristus-på-krossen-positur. Det lyser fred og energi av uttrykket. Elevane såg både at ho likna på ei solgudinne og på ein krossfesta Jesus, dei såg ho var vakker. Me gjetta oss fram til at det var eit eventyrbilete.

I dag fekk me sjå originalen. Ramma var eit utskore altarskap. Guiden fortalde at maleriet var laga til dåpen av dei yngste barna. Han ønska å døypa dei heime, og gjorde det under dette biletet. Eg kom i tankar om det me hadde høyrt at han tidlegare hadde mista ei fire år gammal jente i difteri. Eg kunne ikkje la vera å lura på om han hadde malt henne inn i dette altarbiletet.

Ungane sat på golvet i halvsirklar medan uiden fortalde. Det var fint å sjå kor merksame dei var, og at fleire av dei var tydeleg berørte av bileta. Utanfor museet var det fine haustfargar, og frå bussvindua såg me sjøen rulla mot land. Eg trur slike dagar er viktige.
Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: