Gå til innhald

Haustvinden ruskar i rutene.

oktober 25, 2009

Her sit eg og har fått ein gratis time i natt fordi me stilde klokka i natt. Eg har derfor kome tidleg i gang ein sundagsmorgon, og kan få gjort litt før eg gjer meg klar for ein ekspedisjon ut i vinden for å få med meg gudsteneste og sundagstur. Eg likar kjensla av vind i håret, og den kjem eg til å få til fulle i dag.

Agendaen for ein time her på loftet er å laga informasjon til det store innsamlingsprosjektet me skal ha i morgon der me skal samla inn pengar til Linda i Tanzania. Dei som måtte få lyst til å høyra meir om prosjektet kan leita seg fem år tilbake i tid. Sommaren 2004 budde eg der i tre veker i lag med Tove Dybesland. Vekene i Morogoro har gjort noko med livet mitt. Eg har fått ein smak av Afrika, og kjend korleis det går an å leva sånn bortimot utan alle dei tinga me sjølv meiner me bare må ha. Det var ikkje alltid ho hadde nok mat til at barna fekk eta seg mette. Eg trudde det skulle bli ei trist erfaring. Det var det ikkje. Gleda var ei av dei sterkaste opplevingane der nede.

Det er med glede og entusiasme eg får lov til å fortelja elevane våre om Linda og alle barna og ungdomane som bur hos henne, og det er med rett rygg eg utfordrar foreldra til å koma på skulen i morgon ettermiddag for å bruka pengar. Noko eg kjende veldig sterkt der nede er at det ikkje er tinga våre som gjer oss glade.

Apropos ting. For første gong på veldig lenge er arbeidskroken min relativt rein og rydda. Det kjennest godt. Det blir fortald om ein Dagbladjournalist at då han vart pålagd av brannvesenet å rydda kontoret sitt fann han ein sykkel under papirbunkene. Det gjorde ikkje eg, men eg fann eit og anna som eg hadde gløymt at eg hadde. Då snakkar me for ordens skuld om ting som er laga av papir.

Eg fekk med meg ein triveleg 50-årsdag i går og. Eg kjenner meir og meir at eg lengtar etter eit liv med litt meir frigjort tid. Som ei venninne sa, etterkvart ser ein at ein må prioritera det som er verkeleg viktig. Eg er i ein tankeprosess om desse tinga. Me får sjå kor det ender. Men framleis er eg ikkje der, så nå må eg jobba. Her blir det ord i vinden.

Heidi

From → Linda i Tanzania

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: