Gå til innhald

Eye of the storm…

februar 26, 2010

heiter ein slags serie nyheitsbulletiner dei sender på TV her i dag. Det er tydeleg at det me opplever nå kjem i kategorien amerikansk ekstremver. Det fascinerande er at det er nokså normalt vinterver, som ingen heime ville ha heva eit augebryn over. Vinden er så godt som fråverande, toppen bris styrke faktisk, og snøslapset som kjem ned er langt frå å fortena rennedrevstatus.

Dagens tabbe var at eg gjekk ut i dei grøne skorne mine i dag, for å spara støvlettane slik at dei var tørre til turen heim. Dei grøne er opne sko med ankelreim over. Det som la seg på bakken likna på den amerikanskinspirerte drikken, slush, og snart var det slik at eg måtte vassa gjennom isvatn og slush, som til sine tider rakk meg til over anklane. Me hadde retning Guggenheim-museet, og då me endeleg kom fram, var det stengt på torsdagar. Heldigvis var det andre store kunstmuseet i utkanten av Centralpark ope. Etterkvart vart det surklande vatnet i skorne mine temperert. Det oppstod ein slags våtdrakteffekt. Museet var heilt fantastisk, spesielt avdelinga for moderne amerikansk kunst. Som alltid på kunstmuseum, fekk eg veldig lyst til å studera meir kunsthistorie. Eg er takknemleg til min gamle kunsthistorielærar Pim, på Notodden, som med relativt knirkande monoton stemme fekk meg til å oppdaga kor spennande kunsthistorie er. Eg skulle gjerne hatt mykje meir tid der, men for Sunniva som eg gjekk saman med, trur eg det var akkurat passe…

Utanfor museet i det tette snøslapset som blir kalla mixed snow her, kjøpte me varme pølser og varm pretzel av ein selgar som stod der med vogna si. Nå var det endå meir snøslaps på gata, og verkeleg iskaldt å vassa i. Det ende med at eg måtte inn på ein butikk og kjøpa meg gummistøvlar. Dei var sånn omtrent utselde, men eg fekk sikra meg eit par halvlange kvite støvlar med peacemerke i ulike fargar. Dei er bittelitt tronge, så interesserte mottakarar kan melda seg. Men dei berga meg forhåpentlegvis frå lungebetennelse eller liknande…

Nå blir me snart henta av drosjen som skal ta oss til flyplassen. I «Eye of the storm», har dei meld om ei rekke kansellerte flyavgangar på grunn av snøstormen, men det ser ut som om vårt fly skal letta. Får seia som Lillebjørn Nielsen: «Hei New York!» Nå gleder eg meg til ein times biltur ut til flyplassen. Og så få det visa seg kva som skjer…

Heidi

7 kommentarar
  1. Torun permalink

    O, drama i fleire akter! Synd de bare skulle vera i ei veke! Du har teft for det bisarre, for alle løgne ting og er ein meister i å uttrykkja deg! Vonar flyet trassa stormsenteret og at de atter ein gong kjem heile heimatt, med englearmar rundt dokke! Ventar spend på oppfylgjaren! Goe fjogetur!

  2. Tintomara permalink

    Hoppas verkligen att allt gick bra på hemvägen! Hörde att flera flyg ställts in. Tänkte genast på er.

  3. heidi permalink

    Ja, alt gjekk bra. Først var me litt engstelege for å bli seine til flyplassen, fordi trafikken omtrent stod stille då me sat i taxien på veg dit. Det kjendest som om me kunne gått på sida av i same tempoet. Så var me ein time for seine til å letta, og dei to første timane av turen var det ganske mykje turbulens, så ingen fekk lov å reisa seg. Så var me gjennom det, og resten av turen gjekk strålande. Heldigvis hadde eg akkurat lese at eit fly var like godt konstruert til å kjøra gjennom turbulens som ein buss var til å kjøra på ein veg med humpar. Som me syng i en norsk barnesong: Mjølkeruta kommer i fra Skomperud på heia.

  4. heidi permalink

    Når eg ser nærare på støvlane eg kjøpte, så er dei faktisk svarte,ikkje kvite. Peace-merka er raude, gule og grøne. 🙂

  5. Scylla permalink

    Ja, vitt och svart är ju lätt att förväxla! 😉

  6. heidi permalink

    Ja, ikkje sant Scylla! 🙂 Det beviser kanskje at eg ikkje er ein svart-kvitt-person. «Vess svart e svart og kvitt e kvitt, ja kor e fargan då?»… Trur eg kanskje det står ein plass i teksten «Det handle om å leve…» Men sikker er eg ikkje…

  7. heidi permalink

    Måtte googla songen, som forresten er skriven av Kine Hellebust. Som du ser, så hadde eg ikkje heilt rett, men det er ikkje feil dette heller:

    Vess svart e svart og kvitt e kvitt, då e du blind førr alt
    Då ser du ikkje lys nå’ meir, i varmen blir det kaldt
    Du blir ein sjakkmønstrat konstruksjon med pepitarutat sjæl
    Vess kvitt førr dæ e berre kvitt, har du slådd live’ ditt i hjæl

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: