Gå til innhald

Somliga går i trasiga skor.

mars 18, 2010

Og tilgjev meg Cornelis Vreeswijk. Dette er ikkje ein tekst med sosialpolitisk profil. Det hender faktisk rett som det er at somliga kan vera meg. Eg er nemlig utstyrt med føter som gjer at eg kan vera sikker på å få gnagsår av alle nye skor dei første ti gongene eg går med dei. Derfor er eg veldig glad i gamle skor, fordi dei blir betre og betre etterkvart som dei blir brukte. Til slutt er dei alt anna enn fine, men å så behagelege.

I USA måtte eg kasta dei grøne skorne mine fordi dei var øydelagde og fillete. Dei gode vintestøvlane eg har hatt to sesongar er holete og utslitne, og i følge Ingrid frykteleg styggge. Dei høge støvlettane er fine, men eg får vondt i føtene etter eit par timar. I dag har eg gått på amerikanske gummistøvlar med peacemerkemønster. Dei er heilt ok, men ikkje veldig gode. Eg har eit par nye skor på skohylla. – Og ein stor jobb å gjera…

Heidi

2 kommentarar
  1. emma permalink

    Eg har eit par støvletter som eg kjøpte på UNO, som er inngåtte men ikkje utgåtte. Dei sig ned så dei er litt vide i leggen. Kanskje noko for deg, med ein såle inni. Du får sjå når du kjem.

  2. Heidi permalink

    Det høyrest bra ut. Gler meg veldig til å koma sjølv om eg bomma litt på tidspunktet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: